- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
357

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Det var um Hausten me for, noko langt utpaa
helst, naar me var ferduge med Haust-Stelle heime.
Vére var daa som falle kunde; ein Gong imillom fint og
fjelgt, men oftast stridt og ruskut. Og Sjøen deretter
daa.

Men med Sjøen er der noko framifraa baade i godt
og vondt Vér. Eg var still og paa ein Maate rædd, naar
eg saag Sjøen, men kom alltid i eit serskilt Lag, liksom
av Høgtid. Friskt var det, naar det blés upp eit Grand,
so det kom Liv i Leiken med Bæring og Kvitskavling,
og Sjøen kom sjoande i lange Baarur som Brimhestar,
og kvesste seg til og brotna ned med Sus og Brus, so
Kvitsküme gauv upp-etter dei blaae Sandane. Men
gildare vart det, og fælslegare, naar det var Storm, og Have
reiste seg grønt, og valt fram i Baarur som ruilande
Berg, sju og nie og tolv paa Rad, veksande, skræmelege,
med Tordyn-Marm, med Skum inn Mankar som skalv,
til dei sturta ihop i blaakvit Foss med Rökskodda mot
Sky og svært Brak, og so brotne seig av att. Daa takka
eg nok Vaarherre at eg var i Land, og skalv so smaatt
i den kalde Vinden og det tunge Dundere; men eg fekk
ein aalvorsom Tanke um det store.

Stundom saag det meg ut som Sjøen sjølv var rædd.
Rædd dei Myrkemagtine han dulde i Djupnine sine. Daa
kava han og stridde og vilde upp; inn yvi Lande som
laag der so fast og trygt; men Rædsla vart til Sinne,
for di han ingin Veg kom; og han rulla og stræva og
brulta og braut med Buring og Tot som av olme, asande
Tjorar.

Og Maakane bauta i Stormen og hivdest hit og dit i
harde Kast, men kom ingin Veg med alt sitt Stræv; for
smaatt er smaatt, naar det kjem til Aalvor. Eg stod og
stirde paa den ville Leik til Luva mi flaug, og eg sjølv
maatte til og fikte med Stormen.

23 — Garborg VIII.

357

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0359.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free