- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
386

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Land i den norske Finnmarki elles kann bli god til for
det heilage Russland? —

— I Boris Gleb held ein Pope Messe for Finnen naar
det feil seg so. Og ikkje minst messer han for
Turist-ane, som legg etter seg ein Skilling baade i Kapelle
og i Popegarden, der dei fær russisk Te. For oss heldt
Popen tvo Messur, av di me var so mange og kom i fleire
Sendingar. Kva Maal han messa paa kunde ikkje eg
greide; det einaste eg veit er, at det ikkje var det eg
meinte det skulde vera: græskt. Uskynande var det i
alle Tilfelle; men etter gamalt skal Kyrkjemaale helst
vera det. Daa trur Folke so mykje tryggare.

Paa Attvegen var me inn-um den storfagre
Lyngenfjord; der saag me Finnar med ei Reinsdrift. Denne
Drifti var ikkje stor; og Reinane var helst skrale;
Hulda og tg hev sét mykje gildare Reindriftir ved
Savalen. Desse Finnane her liver nok mest av Smaahandel;
Turistane plar kaupe ymist Horn- og Skinnarbeid av
deim til «Minne fraa Finnmarki»; det gjorde daa me au.
Dei sjølve bur i Jord-Gammur; dei er smaa som all
Finn; og dei var ikkje nyvaska. Tala med deim var
raadlaust; norskt kunde dei ikkje, og av «Kulturmaale»
hadde dei berre lært nokre Talord, umframt «Krone» og
«Øre» og dilikt.

Sistpaa var me inn-um i Narvik. Derifraa gjorde
me ei Ferd med den nye Jønnvegen til «R i k s g r e
n-s e n»; — Banegarden heiter so.

Narvik hev store Byggverk og Vegverk til Framdrift
og Utførsle av Malm fraa dei store Jønnverki i svensk
Lappland. Sermerkeleg er Bana, som gjenom Berg og
yvi Dal — paa Norskesida daa visst — fører Malm fraa
dei svenske Verki til denne Hamni her i Norig. Tie lange
Holgangar (Tunnelar) talde eg der; Lengdi paa deim
er fraa 115 til 590 Meter. Og so er der Skjeringar og

386

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0388.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free