- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
22

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

henne til å møta med borni i kyrkja ein laurdags
ettermiddag. «Men eg vil ikkje ha nokon fadder,» sa ho. «Du
sjølv og prest og klokkar faer vera fadrar då!» Dermed
gjekk det i lås.

Fleire vender var det vanskelegt å få dåps-attest for
konfirmantar.

Ein gut var fødd uppmed Ofot-bana, heimedøypt på
norske sida, og framboren i «kyrkja» på svensk sida, der
bane-arbeidarane nytta ein låve til gudstenesta. Den
svenske presten hadde lova å senda dåps-melding til
soknepresten i Namsos, der mori åtte heimstamn; faren
åtte ikkje heime nokon stad. Eg skreiv til Namsos. Nei,
det stod ingen ting i bøkene der. Eg skreiv til den fyrre
soknepresten i Namsos som måtte ha fenge meldingi. Han
var so ærleg å svara at han mintest ei sovori melding; men
han hadde hivt henne i papirkorgi. So skreiv eg til
Narvik-presten: han kunde vel i alle fall få vitnemål frå fadrane?
Han fekk sendt meg dåps-attest frå presten i Sverike.

Ei gjenta frå Bergen kom til meg med dåpsattest frå
ein montør: «At jeg har døpt pigebarnet Margrete Lovise
i den treenige Guds navn.» Inkje namn på foreldri,
ingi data. Eg sende attesten til Ole C. Iversen og bad
han røkja etter. Jau, han kjende montøren, det var ein
litande mann. Eg fekk alle upplysningar. Iversen og
domprost Hansteen skreiv på «til vitterlighet». Og so
hadde eg gjenta i Odda-kyrkja ein laurdags ettermiddag,
fekk heimedåpen stadfest og dåpen innførd i kyrkjeboki,
same året ho vart konfirmera.

Ein tsjekkar, fabrikk-arbeidar, katolikk, hadde freista
ta livet av seg. Frelses-arméen fekk tak i han, fekk reist
han upp til eit nytt menneske. So vart han trulova med ei
bra norsk gjenta. Ho høyrde til vår norske kyrkja.
Soleis kunde eg lovleg vig ja dei, endå eg skyna lite av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free