- Project Runeberg -  Klingen / 2. Aarg. 1918-1919 /
[10-12:24]

(1917-1920)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SFINXEN

— IN MEMORIAM BYRON —

AF HENRIK RYTTER

I

pg høyrdc bruset frå ein åndeheim.

Eg trådde dit. og gjenom dimd og eim
eg såg eit land innundcr skyinyrk kvelv:
det lyste bleikt ifrå ei fossbrå elv
or skuggen under bratte, sprengde fjell:
og svarte skogar klædde lid og hjell,
ei syrgjekåpe over dæld og ha ug.

Ein storm igjcnom romet saud og flaug
og som med rovfuglvengjer slo og gauv.

Det skråva. tusla som av skråna lauv;
det kvervla framum meg, av stormen drivne
som skuggelikan. sulka, flengde. rivne,
som skimt av kongekåper, prestekjolar,
og truner, altarbord. og ærestolar.

Dei brikna hadde mist, og rcngde. tome
i dumba dreiv dei. stormførd’ gjenom romet.
Eit hædingsrop uppovcr skreida skar.
og stormen læande alt med seg bar.

II

So sveipte alt seg inn i skybergknausar.

Ei magt seg røyvde i dei skoddeha usar;
dei rulla fram og ræste. rak og dreiv.

So skildest dei. og megtig fram dei sveiv:
i endeløysa tåkekjemper ruva.
i fylking samla seg, og fram dei duva.

Men som av lekkjer skrangla det i ferda.
og vilt ho sleit i banda. åndehera.

Det steig eit harmfyllt, hastigt hemadsrop. —
Mot himlen storma fust den kjempehop!

III

Men då eg sansa meg, eg såg ei vidd,
ei livtom øydemark. som brend og s vidd.

Og midt i audna låg. som skapt av stein,
den store sfinx, og stirde tomt og flein.
med kalde andletshamen høgleg boren,
og med ein smil som inn med knivar skoren.

Då brått eg ser. hit over sandturr mo,
det skimrar fram ei strime, raud som blod.

Eg stirer, ser det kjem frå sfinxens hjarta.

Og det er blod som renn or sfinxens hjarta.

So dimmest alt, — og berre denne raud c
blodglansen skjelv og brenn i alt det aude.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:55:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/klingen/2/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free