- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
13

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 13 —

fingeren din! Nei, sa Røstvig, den fær du ikkje; den hev eg
fenge av kona mi, og ho hev døytt ifraa meg; den gjev eg ikkje
fraa meg godviljug. Hogg handi av han, sa prinsen. Ver so
god! sa Røstvig og rette armen ut. Men daa var det ingen som
vaaga gjera det. Skjot han ned! ropa prinsen. Soldatane stelte
seg upp og rette byrsepipone mot han. Men han stod. Og
dei skaut yver, dei vaaga ikkje skjota han.

Norske ungdomar! Kann henda de slepp standa framfor
byrsepipor; (endaa ingen veit kva som kann henda!) men ein
ting slepp de ikkje, anten gjentor eller gutar: aa standa framfor
spott. Og det kann bita endaa verre. Um det er berre slik
ein liten ting: du er van med heimantil aa leggja hendene i hop
naar du set deg til bords, og takka Oud for maten etter du hev
ete, — og du kjem i lag med folk som ikkje brukar det, —
det skal mod til aa gjera det, naar ein ser spottande augo og
spottande smil ikring seg. Men den ungdomen som vaagar gjera
det, han veks paa det.

Det er slik Kristus skapar karakterar, gjenom smaa-ting likso
inykje som gjenom store.

Og det er slik Kristus vil skapa den folkestyrken, sotn eit
lite folk ikkje kan n vera forutan: den folkestyrken som ligg
i ein sterk kristendom. Eg snakkar ikkje um ein veik
kristendom, som berre vil ha det godt; den er ikkje noko tids.
Men ein sterk kristendom, som set alt inn paa det som er
rett, som vil gjera si plikt, gjera Guds vilje — det er den
største folkestyrken me hittil hev kjent.

Minnest de dei trettan tusen som fylgde Gustav Adolf til
Tyskland, skulde slaa eit slag der for aandsfridomen. Daa dei
kom i land i Tyskland, la dei seg paa kne alle trettan tusen, og
bad Vaarherre kjennast ved striden, so dei fekk tena hans sak.
Den katolske generalen (Tilly) log aat denne vesle
„vakt-para-den". Men daa han fekk med deim aa gjera, daa log han ikkje
lenger. Daa gret han. For han rauk.

Dei namngjetne soldatane til Cromwell i England,
„jarn-sidone" hans, dei han hadde plukka ut millom dei trugnaste
kristne han kjende, slike som las i bibelen og bad til Gud kvar
dag og livde etter det dei las, — ingen kunde standa seg
mot deim.

Daa Napoleon kom yver Tyskland, var del den tid
rasjo-nalist-prestane stod paa preikestolane, preika alt anna enn
Kristus, liti tru og liti kraft var det i preikone deira. Men daa
Tyskland kom i naud, daa fekk pipa ein annan laat. Daa var
det ein av dei prestane som sa ein sundag: kva slags folk er det
Tyskland treng no? No treng me folk som kann beda
til Gud og som trur paa Gud.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free