- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
90

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Fra norgeshistorien - 33. Danskarne reinskar Lomskyrkja. Av Kristofer Janson

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vyrde dei ingen ting, men gjekk paa. I vill strid tumla no
bønderne og futeflokken seg millorn kvarandre, daa dei i
det same høyrde eit forfælande brak. Det var kjerrelasset
som rauk ut i fossen. Bønderne stod som klumsa; der dreiv
hovud, arraar og bein av bilæti deira ned gjenoin elvi.

«Lat oss fiska deim upp! lat oss faa tak i baat!»

Surne samla seg kring dei særde, andre sprang etter;
futen og hans folk drog sin veg umeinka.

Snart saag ein fleire baatar paa vatnet, som sokna
etter bilæti. Dei var heilt sør i Vaagaa; her og kvar fann
dei ein arm i fjøra eller eit bein eller bovud. Seint paa
kvelden kom dei att; dei prøvde stubbarne, um dei kunde
setjast ihop. «No i skogen med deim! der skal ikkje futen
faa tak i deim, eller i Trollkyrkja, eller paa Sygnefjellet, >
Dei gøymde leivingarne varleg.

Men den kvelden sat mang ein huslyd kring den særde
broren eller faren og ynskte ilt yver futen.

Millorn deim som sat og syrgde, var ogso Ame Sulheim.
Han venta sonen sin heim fraa nedre bygdi, dit var han
gjengen med mor si. Daa høyrer han ei kjerra ramla
utanfyre; der stend kona hans og bind upp taumame paa
besten, og paa kjerra ligg, under eit aaklæde, sonen
daud-bleik, med ihoplatne augo og stynjande. Det var som det
svortna foi Arne; han hadde berre denne eine sonen. Han
bar han inn og fekk han lagd i seng.

Kona fortalde i stutte ord korleis alt var til-gjenge.
«Han var den fyrste som sprang fram og slo til futen,»
sa ho. Arne svara inkje, han vende seg burt eit bil. So
sa han: «Du lyt gaa stad og finna fjellgras endaa i kveld.»
Arne var saar-kunnig. Han fekk kokt ein graut av
lækjande urter og la paa saaret. No sat han bøygd
attmed sengi og stirde inn i peis-varmen. Stundom la han
henderne ihop og klemde deim saman; daa kom ei taara
rennande og draup ned paa peishella. Paa veggen hekk ei
sundhakka brynja og det gamle sverdet med det slitne

Sserd: saaret. — Umeinka: uhindret. — Sygnefjellet: f j eld et
mellem Sogn og Gudbrandsdalen. — Huslyd: husfolk, familie.
Svortna: mørkne. — Ku 1111 ig: kjendt, kyndig.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free