- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
155

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

stundes med at eg tok til aa nøyta meg meir med lesingi.
Daa hende det eg ein kvelden lydde paa at skulemeisteren
og han far sat og svalla.

«Ja, der sit eit makelaust hovud paa den Nils’en,» sa
skulemeisteren; «aldri hev eg funne eit betre. Han kunde
naa høgt, lian, var det kje for kostnaden si skuld.»

Det stakk meg i hjarta so det gjorde vondt. —
Fluge-styngen trotna. Det er mest som eg fæler at fraa mi sida
var samlivet sidan noko kaldare. Endaa eg veit eg stræva
imot. Det var daa berre vel det, sa eg med meg sjølv, at
guten hadde gode gaavor. Og hadde Vaarherre gjeve deim,
var det vel meiningi dei skulde brukast og.

Men so var det, i slutten av februar, at presten heldt
skule-eksamen. Det høvde seg so i yverhoyringi at
skulemeisteren bad meg rekna upp ymse slag rettkomen kjærleik.
Og det klara eg flust; det var den til Gud, den til
med-meuneskja, og den til oss sjølve. Visste .eg fleire? Ja, —
fedrelandskjærleik, TJm eg kunde nemna eit døme? Og eg
kom daa fram med Olav den heilage. Aa ja, det var vel
nok, tok presten fram-i. Men hadde eg ikkje høyrt gjete
han soin lét seg spreng ja i lufti nede i Kjøgebugt. Jan
daa, jau daa! Kva var det so han heitte? Han heitte —

— han heitte — — Nei, aa nei, som det trega meg at eg
ikkje var kar um aa koma paa namnet, endaa det laag meg
paa tunga! TJm nokon av dei andre visste det? — «Ivar
Hvitfeldt», svara han Nils med same. «Det var bra, guten
min!» tok presten i, gjekk stad strauk han ned-etter
haaret, — med andlitet hans Nils skein og log av lukka.

— Eg tykte der vart so myrkfc inne i stova; eg kjende som
seig bringa mi full med graastein, og eg var ved aa gjeva
graaten laus. Men so skar det yver i sinne; — du og du,
so etande harm eg vart! Den fantetraven! — hadde eg
kanskje inkje sjølv fortalt han det for nokre vi kor sidan!
-—■ Og no sat eg der til spott og spe for baade presten og
dei hine, — det var takki! — — Ja ja, bi no! bi no!
Flugestyngen var vorten svull, og svullen alt vorten grøn

Trotna: hovne. — Rettkomen: berettiget. — Flist: rikelig,
dygtij:. — Do me: eksempel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free