- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
48

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Prøvor

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

So tok han hjelm og ringebrynja,
som han likad best:
da er so seint til sveinom taka,
han sadlar seg sjølv ut hest.

Og da var Galiter riddarsonen,
han sprette um gjordi traust:
„Kvendi skal inkje læja åt meg
fyr sadlen skal slengja laus.“

                        (Sophus Bugge i „Folke“ 1859).


Or »Eit Innstig«.

Inn i Stovo var allting væl i Stell, og da synte korkje
Mannløysa elder Koneløysa paa Husbunaden; reint og
vælflitt var da i kvar ei Kraa, og kvart eit Kerald var so fint
gjort, som da var rent av Malm; fyre i dei Bygderna gera
dei mest all sin Bunad sjølve og leiga inkje Handverksfolk;
og difyre er da, som dei segja, at da syner paa Keraldi kva
Karen er, og paa Klædi kva Keringi er.


                                (Ivar Aasen, 1853.)

Or »Heimsyn«.

Det er syrgjelegt aa vita, at Verdi, med alt sitt
Skrøyt av Framstig og Uppstig, skal endaa ikkje vera komi
so langt, at alle Kivsmaal imillom Rikjom kunde vera
avgjorde med Lempa utan nokot Herverk og Mannspille. Men
det er no det gamle Mein ved Mannætti, at der jamt
einkvarstad er Folk, som hava Hug til Ufred, og at megtuge
Folk vilja alltid visa si Magt og aldri tola nokon Motburd
av sine Grannar. Og so kann det ymist henda, at eit
fredsamt Folk verd innfløkt i ein Strid imillom andre Rike, so
at det mot sin Vilje maa fylgja med og hjelpa den eine
Parten imot den andre.


                                (Ivar Aasen, 1875.)

*



<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free