- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
19

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EE TT

19

Då han langt um lenge kom ut or berget att,
var han litt tomsut av seg.

Ein gong kom han til Botolvshus’n i Liagardane
i Ålsgjeld og rådde han til å flytja stall og fjøs.
For desse husi stod so ulagleg til for haugafolket
— hestane stod rett over bordenden og kyrne rett
over sengine deira. Difor hadde Botolvshus’n ikkje
lykke med kreturi, kyrne vantreivst og hestane
vart jamt tekne ut or stallane um natti og
sprengridne på, so dei stod skjelvande og sveitten
draup av dei då folk kom i stallen om morgonen.
Botolvshus’n gjorde so — han flytja stall og fjøs,
og frå denne tid hadde han trivsel med kreturi.

Hans med all skaplegheit gjekk og bad seg i Ål
og Torpo på sine gamle dagar. Ein gong kom han
til kjæringi på Tufto i Torpo. «Du mista ein hund
ein gong, du kjærring», sa Hans. «Ja, eg gjorde
80, — so leide skrubbar har eg aldri set. Eg sat
med bundingen og hunden låg fram for føtane mine
og lell kom skrubben og tok ”n».

«Å nei, det var eg og han Vøtt, det», sa Hans.

— Han hadde støtt fylgje av ein usynleg person
som heitte Vøtt.

MARKEGARD’N

Ein mann som budde på Markegard i Hemsedal
— og vart til vanleg kalla Markegard’n, var ein
sers riking og største rikdomen hadde han vunne
seg med kyrkjehandel.

Han kjøpte ein gong Hemsedal, Gol, Nes og Flå
kyrkjor for 300 riksdalar. Men det var ikkje berre
snaue kyrkjone, skulde eg meine: Til kvar av desse
kyrkjone låg ein større gard. Med Flå kyrkje fekk
han garden Ve, med Nes kyrkje Gullingsrudgar-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free