- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
72

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72

Fyrr dei var heilt framme var både ho og buska-
pen trøytte av ferdi og ho tok rast. Kyrne låg dovna
Seg, pusta og jorta, sauir og gjeitar stod eller låg
rundt ikring, Åse og gjætarguten sat på kvar si
tubbe og frygda seg i den lette, herlege vårlufti
der på fjellet. — Best som Åse held på ris og vil
til å drive buskapen fram til stølen, høyrdest so
vent eit felespel. Undren og gladhuga sette ho seg
betre til rettes på tubba og lydde og lydde til dette
forundarlege felespelet som tona so kjælent og
lystigt ikringum henne. Det var som ho i denne
augneblink levde upp atter heile sitt glade ung-
domsliv. Ho sat mest åndelaus og lydde, det var
ikkje berre felespel, det var ogso dans, lett takt-
fast dans inne i berget. Då Åse hadde rupla buska-
pen og dreiv denne fram til stølen mulla ho slåtten
ho hadde høyrt og då ho var framme tok ho straks
fram fela si or kløvreii og spelte slåtten. Ho hadde
lært han godt, og mange var dei som lærde slåtten
hjå henne. |

Tubbe — tue.

JEG ER FULD —

Ein gong for lenge sea för ein hallinggut på
presteskule til Kjøpenhamn, for han hadde so godt
hovud og slik hug til å lesa og duga ikkje til noko
gardsarbeid. Han vart so lærd at både kongen og
bispen og lærarane hans undra seg både upp og
ned. Bibelen kunde han utanåt og endå mykje
meir.

Ein gong han var heime att i Hallingdal høyrde
dølene so mange rare språk og namn av han, at
dei var hovudgalne då han för att. Han vart prest
i Kjøpenhamn, for kongen sa det var synd å grava

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free