- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
107

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

107

«No laug du!» sa Hagamannen, nokso furten og
so gjekk han.

Frå Høvtun til Haugsund er det vel ein 12—14
mil.

Storrussen fortalde um ein fisketur til Røungen.

Då han kom ned til vatnet, vart han vår ei låg —
eit gamalt nedfalle tre som låg utetter frå land.
Han gjekk utetter på denne lågi so han kunde få
slengt fiskesnøre på djupt vatn. Men han hadde
ikkje stått der langt belet før lågi tok til å røre
på seg og hive seg både hit og dit, og sleip var
ho og. Han hadde ei øks i beltet og no drog han
fram øksi og hogg ho i lågi — som han trudde
det var. Men då tok lågi til å lea seg og symja burt
etter vatnet. Det var ingi låg, men ein kjempestor
fiske uyteni 10.

Storrussen heldt traust tak i økseskaftet, for
øksi stod i fisken tett bak øyro og no bar det i
rivande fart burt etter Røungen. Då fisken kom
fram til det andre landet, sette han beint på og
tok vettrevegen. Storrussen sprang ay her og miste
øksi. Eit stykkje inne på vettrevegen møtte tryta
fyrst 6 sauer og so ein bjøllesau, og dei slukte han,
alle saman, men bjøllesauen, som han tok sist fekk
han i rangstrupen, so han rauk i range og tok til
å kaste upp. Fyrst kom alle sauene att, so kom eit
stort fylgje med valdrisar som hadde vore burte
sea Kristiania-marknaden året fyreåt, og til slutt
kasta fisken upp ein hest med mosalass, som hadde
vore sakna like lenge som valdrisane. «O e» (Og eg)
slutta Storrussen, «kom just passe te å velte
mosalasset på meiane att». 2

Hagamannen fortalde ein gong til lensmann
Olsen på Nes, at då han ein ettermiddag um vinte-
ren kom køyrande heim-etter med ei tømmervende
møtte han ein skrubb som vilde eta han. «Men som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free