- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
142

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8

ve Eg MS ONE at Sn

142

felagar, eg gjev ikkje ein dalar til kyrkja, for no
ser eg like vel!»

Det gjekk ikkje metare en at då han var på
heimveg var han like blind som før. Han var ein
rik mann og lova jamt sea store pengesummar til
St. Tomaskyrkja, so sant han kunde få synet att.
Men alle hans bøner og lovnader hjelpte honom
like mykje: blind var han og blind vart han all
sin dag.

GULV FOSS

På garden Foss, øvst i Kvisli budde det for 300
år sea ein mann heitte Gulv eller Guul. Han åtte
heile Fosslii og fekk ogso rydja og bygd garden
Årset nærare Kvisli, nede ved elvi her. Men kvis-
lingane kanna Årset seg til, dei held fram at Årset
låg på deira eige. Det vart søksmål. Gulv stod på
det, at utmarki her Årset var rudt, hadde han fått
seg overdrege av hans «forrige Landherre». (Foss
har truleg vore bygselgods og havt landdrott). Gulv
Foss vann saki.

Gulv = Gudolv.

PÅ NYSTØLEN

Gardane Rygg og Trageton i Kvisli har stølane
sine på Skurudalsåsen, dei kallast for Nystøladn.

Både kjæringi på Ryggstølen og kjæringi på
Tragetonstølen stod på gøod fot med haugafolket,
so dei hadde lykke med kryter og budrott. Rum-
men på mjølki var over lag tjukk og feit og osten
vart mest so feit som smør.

No har det seg slik med haugafolki at dei likar
ikkje at ein skrepper av dei, då dreg dei seg atten-
de. Ein dag kom Tragetonkjæringi eit erend burt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free