- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
146

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vesen

ES og

146

tuften. Og då Guttorm var vaksen kar vorten,
gjekk både han og denne kona og venta på at Vil-
landstuften skulde liggja daud, so dei kunde få
høve til å gifte seg.

Guttorm som vart utolug fordi Villandstuften
skulde leva so lenge, tok bly av noko vindauginn-
fatning i ei gamal stugu på Tufto, støypte seg
kulor og skaut gjenom eit vindauga etter Villands-
tuften ein gong denne låg og svav etter non. Gut-
torm vart so teken og sett i arrest hjå lensman-
nen, Eirik Nerolshaugen. Her i arresti hadde han
sengi uppe på hjallen. Han var so sterk i armane,
at når han var nede i stugun og skulde upp att
på ramen eller hjallen, åt sengi si, nytta han ikkje
stegi, som andre, men tok tak med handi uppå
kruna og slengde seg upp på hjallen.

Då Guttorm sat inne, vart det snart like grumt
millom Asle bror hans og kona på Tufto. Ogso han
ynskte innderleg at Villandstuften var rydja or

- vegen.

So vart det gravøl på garden Kaupang i Kvisli
og både Asle og Villandstuften var der. Villands-
tuften og ein bror av han det var gravferd etter,
Knut Guttormson Naustedokken i Skurudalen og
nokon fleire sat innafor bordet um kvelden, Asle
Medhus sat på benken fram for bordet. Då sløkte
Asle talgljøset som stod på bordet og so køyrde
han eit spjut under bordet og upp i magen på han
som sat rett fram for han. Han hadde etla dette
åt Villandstuften, men denne hadde augo med Asle
og då han sløkte ljoset forta han seg og byte plass
med Knut Naustedokken, som sat og sov og studde
seg med olbogane på bordet. Det høyrdest inkje
skrik, ikkje ein knyst. Ljoset vart tendt att, og
då Asle såg Villandstuften sitja der like frisk og
fjunk som før, vart han ille ved og ante uråd.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free