- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
180

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180
QVELPRUDÆTTI

Den fyrste ættebok eg fann i Hallingdal, var i
Kvelprud i Älsgjeld. Sjugurd Sørbøen hadde skrivi
ned noko um ætti. Torkjel Persson Qvelprud fekk
seg tak i ein protokol, skreiv innleiding og det som
Sjugurd Sørbøen hadde skrivi ned og so heldt han
fram med ætteboki. Alle gardsdokument frametter
tidene var gøymde på garden. Dei tok han utdrag
or og skreiv upp det som godfar hans visste um
ætti. (Her kan berre bli nokon brotstykkje, umset-
jaren sin merknad).

Garden Kvelprud var ikkje upphusa før år 1590
og då var det 3 eigarar til garden — dei hadde kvar
sin treapart. Den eine treaparten var skjenkt Paven
eller den heilage kyrkja, ein annan treapart var
benefisert Ål prestebol, og den trea — Torpo-kyrkje-
parten, var skjenkt Torpo kyrkje. Dette gjekk soleis
til: I katolsk tid stod det eit helgenbilæte på
Tjednbalslettane i Gol. Kvar jonsokeftan samlast
folk her frå heile Hallingdal. Alle hadde nistekorger
med. Heile natti og jonsokdagen med var det leik
der på vollen. Mannen og kona i Kvelprud var ogso
på ’Tjednbalsvollane. Kona hadde sett frå seg
nistekorgi tett attmed helgenbilætet og so vilde
vanlukka at det kom ein gris framum der og tok
til å nuske i korgi. Kona heiv då ein stein etter
grisen, men råka helgenbilætet i staden, som elles
ikkje fekk nokon serleg skade. Båe ektefolki vart
no fælande engstelege, dei trudde Jomfru Maria og
Heilag-Olav vilde hemna seg på dei for steinkastet.
Dei för heim med det same og so til presten og
skrifta for han. For å sona brotsverket skjenkte dei
treaparten av Kvelprud til Torpo kyrkje, som tru-
leg endå var hovudkyrkja i Älsgjeld og let «det
henstå til Gud og Bispen» um dei skulde få nåde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0184.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free