- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
209

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

209
VIDALEN

Vidalen er ein skogdal millom Flå og Hedalen.
Det er berre stølar her no, men fyre svartedauen
var det ei stor, gild grend her og mange bønder.
Vidalsbøndane køyrde til kyrkje i Flå eller Heda-
len i rad og rekkje og med ringskodde hestar.

I katolsk tid skal det ha vore eit kyrkjesokn
med eigen prest her.

På Bakkesæter i Vidalen er det ein stad som
erno kallast for Kyrkjehaugen. Og um denne
Kyrkjehaugen er det eit gamalt sagn: Det var
krigstider. Framande vilde trengja inn i landet,
fienden var komen i land i Trondheim. For i alle
høve å hindre at fienden skulde få tak i ein stor
skatt der i byen vart det i hast kløvja 7 hestar
med sylv og gull, og pålitande menn for avgårde
til Oslo. Men då denne sendeferdi var komen fram-
um Valdres vart det spurd at fienden var i nær-
munum og at det gjaldt å verja landet — det
gjaldt meir enn sylv og gull. Dei var no komne til
Kyrkjehaugen og her grov dei ned dei 7 kløvjane,
tok sverd og boge og gjekk inn i forsvaret. Dei
fall truleg i krigen alle, for ingen kom attende og
grov upp atter skattane og desse er kje funne
enno, endå mange har grave og leitt der burte.
Nord for Kyrkjehaugen ligg Kyrkjemyri og uppe
på fjellet ligg Prestegardstjønnane, so her er svert
«geistleg» med haugar og tjønnar og myr. Nord
for Prestegardstjønnane såg Ola Uppsal ein gong
han gjætte feet her i ungdomen, liksom ein kjel-
lar — det var eit stort jordhol og ein trappegang
ned. Denne tid hadde han inkje umtanke nok til å
sjå betre på det, og sea har han ikkje funne att
staden. Vidalen har i langsameleg tid ligge til øgar-
den Synsteby i Flå. Ved Fisketjønnane, nord for

14 — Hallingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free