- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
211

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

211

um natti og var vorten skoten «i tenesta». Det var
vanleg meining at han hadde bede Hallstein upp
til seg for å ha vitne på at han var heime um
natti.

Gildre: sjølskot.

TORGEIR TANGEVIKEN

Torgeir Tangeviken levde for eit par manns-
aldrar sea og var husmann i Ålsgjeld. Han træla
og sleit som andre husmenn, og skaffa seg elles
noko umframtfortenest med å stela, for dette var
han ein klyppar til. Men endå kjæringi hans hurva
på attåt var det smått og tarveleg for dei. No og
då kunde dei hava seg eit feitt måltid, når Torgeir
hadde vore heppen med tjuving, men trast etter
var det like skralt att, og då smaka den magre
kosten endå kleinare.

På Torgeir si tid var det mykje med innbrot og
stuld i Älsgjeld; folk som hadde noko på stolphusi
gjorde difor alt mogeleg for å verne seg mot tju-
ving. Dei sette svere, sterke lås for stolphusdø-
rane og sette på slik jernskoing at det er eit syn.

På Tune står enno eit gamalt loft. Det er so tett
med naglar i buadøri at det var rådlaust å bora
sund denne døri, ikkje nokon stad fekk ein rom for
- ein navar millom tvo naglar.

Ei onnor rådbot mot stuld var gildring — ein
stelte upp ei ladd børse slik at skotet øjekk av
når nokon uforvarande trødde på ei fjøl som stod
I samband med ei snor frå børsehanen.

Lars Nos hadde gildre på stolphuset sitt. No
råka det til at Torgeir Tangeviken var ute på
tjuving, og han visste det var mat nok i Nos-loftet
og so drog han til dit. Det var ei smellande kald

DET Van

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free