- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
226

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

226

var so stiv og sver at ho kunde nyttast til horve-
tindar, og då kan ein nok tenkje seg til at det var
gilde lag med flesk på skrotten.

GEILOGUTEN

Geiloguten budde på Geilo i Ustedalen, der det
no er hotell. Det er kje lenger sea han levde enn
at eldre folk som lever minnest han. Geiloguten
var ein raring — bonde, tjuv, kjempekar, diktar
og filosof — det er heile fem handverk.

Den fyrste soga um Geiloguten er at han stal
ein sau den dagen han vart konfirmera. Ein annan
gong stal han noko kjøt, som han grov ned uppe
i lii ovenfor Raunsgard. Folk i grendi samlast då
og gjekk burgong etter honom og då folki traska
umkring uppe i lii der han hadde gøymt kjøtet,
sprang Geiloguten umkring nede på Raunsgard og
kneggja som ein fole. Seinare ogso gjekk bygdefolk
burgong etter han — då hadde han vore ute og
stole att. Dei slo ring um honom og vilde fange
og dengja han. Men han var ein «go kar», han
sprang på manngarden der dei klenaste karane
stod, slo seg igjenom og slapp undan. Geiloguten
tok garden etter far sin og vart gift med ei gjente
frå Søre Geilo. Ikkje mange åri etter vart han
enkemann. Då selde han garden og tok seg undan
stort forsyn. Men han gløymde å ta med «varmt
hus», og dette fekk han soleis inkje. På næste ting
var han hjå sorenskrivaren og vilde ha kontrakti um-
attgjord, for han vilde ha varmt hus og. Men soren-
skrivaren sa, dette gjekk ikkje an og spurde kvi-
for han ikkje tok med det sist — då han selde gar-
den. «Dæ rauk slik her i tingstugun då, at e
gløymde varmt hus», svara Geiloguten. Dei var
just då teke til å bruke tobak i Hallingdal og Geilo-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0230.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free