- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
23

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

ANDRE BOLKEN.


                                Naar man spørger, hvad et lands
rette navn er, er det ingenlunde det
som naboer eller fremmede behage at
betegne det med, men det som landets
børn bruge, hvilket er ligesaa rigtigt,
som at det er en persons rette navn,
som han selv kalder sig, og ikke det,
som efter en fremmed udtale er
oversat.

        (E. J. Jessen, Det Kongerige Norge,
Tom. I s. 141. Kj.h. 1763.)

Det nasjonale vendet.



Reaksjonen mot det uavgrensa herredømet aat
dansken og mot annan uskipnad i namneverket tok til i
1830-aari. At denne reaksjonen kom just daa, er ikkje nokon
slump. Det heng i hop med det aalmenne vitskaplege og
nasjonale framskotet i dei aari. I denne tidi var det
Rudolf Keyser og P. A. Munch tok til aa leggja grunn under
ein norsk maalvitskap og ein norsk historisk vitskap. I
1832 hadde Munch kasta ut «maaltanken» sin um «at
bringe en af vore reneste almuedialekter i en ordentlig
form sammenholdt med vort oldsprog». Same aaret hadde
Jonas Anton Hielm gjeve den namngjetne, klaarsynte
orienteringi si um maaltilhøvi i Noreg. Henrik Wergeland
freista taka litt av norske ord og former upp i maalet
sitt, og i 1855 sende han ut artikkelen «Norsk
Sprogreformation»; det er baade program og eit teoretisk
verjemaal for uppnorsking av det danske bokmaalet i
Noreg. Det er den fyrste uroi kring maalspursmaalet som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free