- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
118

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

fordanskingi der — motstraumen. Og han vart tydelegare
seinstundes i det 19. hundradaaret.

— Alt i 1845 hadde P. A. Munch halde fram at dei som
arbeidde ut kartverk, burde «bidrage ……… til at navn
ei «skrives for» andet end hvad de virkeligen hede».
Kartografane burde retta seg etter «almuesmanden,
historikeren og etymologisten» og ikkje etter gamall vane og
vankunne. Det var i ei melding um det fyrste officielle
amtskartet som kom ut, at Munch skreiv dette.[1]

I 1863 peika riksantikvar N. Nicolaysen paa i ei
fyreteljing til Finansdepartementet, at skrivemaaten paa
kartverki var vilkaarleg og ikkje sjeldan berrsynleg rang.[2] Det
var i det same brevet der han tala um matrikkelen. Han
heldt fram at det var ei uppgaave for det offentlege aa
faa ein fastare og rimelegare skrivemaate. Nokor
langtgaaande uppnorsking hev han visst like vel ikkje tenkt paa.

I 1867 lagde Noregs Geografiske Uppmæling plan for
eit nytt stort kartverk, det skulde gaa ved sida av
amtskarti og andre kartverk. Det var rektangel-kartverket,
dei kalla, i maalstokken 1 ∶ 100 000. Det gjorde at
Uppmælingi vende seg til L. Kr. Daa, og vilde ha raad av honom,
korleis stadnamn burde skrivast. Han var paa den tid
professor i historie. L. Kr. Daa hadde fyrr vore svært
radikal i slike saker, soleis som me ofte hev nemnt. Ein kunde
difor ha tenkt at det skulde ha ført til ein stor umsnunad
naar Uppmælingi vende seg til honom. Men det ser ut
til at radikalismen i namnevegen hadde flutt ifraa Daa
paa denne tid. I det svarbrevet han sende Noregs
Geografiske Uppmæling, merkar ein i minsto ikkje noko til slikt.
Han hev ei innleiding um maal og maalbruk i det heile.
Der ser det helst ut som han hadde teke til aa tvisynast, for
dei skilde meiningar skuld som det hadde vorte i
maalvegen. Han skriv, at sume vilde no ha dei tilvande
spraakformene «kulkastede eller omstøbte» med aa føra inn
«oldsproget» so mykje som mogelegt: sume vilde faa til det


[1] «Den Constitutionelle» 1845, nr. 315.
[2] Brev til
Finansdepartementet 4. decbr. 1863. «Aftenbladet» 6. novbr. 1868. Jfr. her framanfor
s. 54 f.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free