- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
69

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI. Robinson ferdast paa øyi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

69
naar lian hadde dei. Brød hadde han svært
lite av no.
— Ein av kattarne hans, ei kjetta, hadde
for ei heil tid sidan laupe hurt, og han tenkte
kje han hadde set ho meir. Men no kom ho
ein dag att og hadde tri ungar med seg.
Dette tykte han var moro; det gjorde husl
yden" hans større. Men sidan fekk han ikkje
berre hugnad av kattarne. Dei vart so alt
for svære til aa øksla seg. Han maatte tyna
mange av dei og fekk eit heilt stræv med aa
halda dei or huset.
Han heldt enno paa og kleiv upp og ned
paa ein stige, naar han skulde ut og inn yver
gjerdet. Det var heller brysamt i lengdi.
Kva er det daa du er rædd for?’ sa han ein
dag til seg sjølv. Dei største dyri du hev
sét paa øyi er gjeiter, og dei gjer deg daa
ikkje noko vondt." Han var alt aat og vikle
riva ned eit stykke av gjerdet, so han kunde
faa seg ein utgangsport. Men fyrr han gjorde
aalvor av det, tenkte han seg um enno ein
gong. Best var det alltid aa veia vår og ikkje
gjera det ein kunde faa trega paa. Han hadde
ikkje enno vore alle stader paa øyi og sét
kva der var. So fann han paa ei onnor raad.
Han grov ein gang i berget fraa utsida av
gjerdet og inn aat kjellarhola. Der kunde
øksla seg, aukast, formeira seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free