- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
175

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

175
han fekk nye krefter. Han sprang inn paa
fiendarne sine og hogg ned tvo av dei i ei
hande-vending. Villmennerne hadde vorte so
forskræmde daa dei høyrde skoti og saag so
mange stupa, at størsteparten av dei ikkje
ein gong hadde orka aa røma sin veg; sume
hadde dotte i koll av berre rædsla og andre
sprang der og skreik enno.
Robinson stod med byrsa i handi, men
skaut ikkje enno for det fyrste; han hadde
berre dette eine skotet no og maatte bruka
det godt. Han ropa paa Fredag og bad han
springa etter dei byrsorne dei hadde lagt
etter uppmed treet. Fredag kom straks med
dei, og Robinson skunda seg og ladde dei.
Ein av villmennerne hadde med det same
manna seg upp og sprang inn paa spanjoren
og vilde hogga til han med eit stort tresverd,
det same sverdet som dei tok livet av fan
garne med. Spanjoren heldt honom ifraa
seg eit heilt bil og saara han paa tvo stader
i hovudet. Men indianaren var ein stor og
sterk kar og fekk sistpaa yvertaket. Han
slo spanjoren yver ende paa marki og vilde
riva sverdet ifraa han. Spanjoren slepte det,
men reiv i det same pistolen or beltet og
skaut indianaren tvers gjenom bringa, so han
seig daud ned. Robinson hadde set at span
joren var i livsfaare og kom springande og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free