Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - LX
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
73
LX
På strandi ved endelause vidheimar mø
test det born. Uendeleg ligg himmelen iro
uppyver, og vatnet bårar og brakar utan
kvild. På strandi ved endelause vidheimar
møtest borni med fagnadrop og dans.
Dei byggjer husi sine av sand, og dei
leikar med tome skjeljar. Av vise lauv
byggjer dei båtane sine og dreg dei ut på
ugrynnande djupner med lått og lentor.
Det leikar seg born ved allheimsstrandi.
Dei kann ikkje symja, dei kann ikkje
setja garn. Perlefiskarar dukkar etter per
lor, kjøpmenner sigler med skipi sine, men
borni samlar strandsteinar og kastar dei
frå seg att. Dei leitar ikkje etter dulde
skattar, dei karm ikkje setja garn.
Havet lyfter seg med lått, og bleik lyser
smilen frå strandi. Båror som kjem med
dauden i fylgje syng meiningslause visor åt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>