Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - LXXX
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
100
LXXX
Å soli mi, du æveleg herlege! Eg er
som ein leivning etter ei haustsky som flak
kar til unyttes yver himmelen. Den kjen
ningen eg fekk av deg hev ikkje smelta
eimen i meg endå, so eg vart eitt med ljo
set ditt, og soleis liver eg månader og år
skild frå deg.
Er det eit ynskje hjå deg og er det ein
leik for deg, so tak denne tome floghamen
min, måla han med fargar, og forgyll han
med gull, lat han sviva for leikande vind,
og spreid han i ymsande under.
Og so atter når du ynskjer å lykta denne
leiken ein kveld, so skal eg smelta og kverva
i myrkret, eller karm henda i ein smil frå
ein kvit morgon, i ein svale av klåraste
reinleik.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>