Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XCIX
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
120
XGIX
Når eg slepper roren, so veit eg at tidi
til å taka han er komi for deg. Det som
er å gjera vil verta gjort på timen. Stri
den er nyttelaus.
So tak då burt hendene dine, hjarta
mitt, og finn deg tegjande i nederlaget ditt,
og tru at det er ein god lagnad for deg å
sitja radt roleg der du er sett.
Desse lampone mine vert utsløkte med
kvar liten vindpust, og når eg prøver å
kveikja dei att, so gløymer eg alt anna upp
att og uppatt.
Men denne gongen skal eg vera visare
og venta i myrkret og breida matta mi på
golvet. Og når du då fær hug til det, herre,
kom so stillsleg inn og set deg her.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>