- Project Runeberg -  Nylænde : tidsskrift udgivet af Norsk kvindesagsforening / 8. aarg. 1894 /
12

(1887)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - No. 1. 1ste januar - Stavanger kvindesagsforening (Aadel Gjøstein)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12
skapelege fyrelesninger aldri vart haldne av oss, og det kunde jamenn
vera det same og. — Me kunde lesa „Nylænde“, tala isaman um oss
sjølve, sjaa paa det reale liv, soleids som me er nødde til aa streva
det igjenom og fantasera um, korleids me vil ha det og um, korleids
det sagta eingong lyt verta.
Og det hev gjenget godt — uventande godt. Me byrjad med 12
medlemmer, og — som fyrr sagt — no hev me 60. Møti vert haldne
tvo gonger um maanaden. Tvo gonger hev det yoret tilgjengt fyre
alle kvinnor, og daa hev stova voret full. Diskusjonen um kvinnesaki
gjekk godt. Me er ellest ikkje berre stridskjempor, men held oss
til andre emner og, til dømes historiske, litterære o. s. b.
Her er ellest ikkje mykjet aa hyggja seg til i det kjeidsame
Stavanger, og so tenkte me som so mange med oss, at vil me ha ein
ljoske, lyt me laga han sjølv; difyr heldt kvinnesaksforeiningi fest den
28de december for sine medlemmer, som baud herrar med seg.
Turnlokalet var vænt pyntat med flagg og bar, og folket mødte
fram i sin likaste prud.
Fru Anna Gjøstein, formann i festkomiteen, baud velkomen og
uppmodad oss til aa syngja: „Jeg vil værge mit land.“
Formannen i foreiningi heldt festtalen. Ho søkte aa syna, kvat
kvinnesaki er utslag av. Korleids den trong, som tidi hev til aa visa
fram det verkelige, ogso hev teket tak i kvinnorne. Me lyt gaa ut
ifraa det, som er, og verta klaar yver det me vil, då me veit, at berre
paa den vis kann verdi vølast og vinnast yver. Kvinnesaks-programmet
vart framhaldet, og attåt vart det peikad paa, korleids dei, som magti
hev, steller seg til vaare krav.
Damerne engagerede sine herrer til marsch og hamnad um dei
vænt budde bordi. — Daa folk hadde søkt si lyst i matvegen, byrjad
dansen lett og lokkesam.
Fru Gudrun Tvedt bad oss i varme ordelag um aa minnast den
kvinna, som her i landet fyrst hev gjevet kvinnesakstanken ord, og det
vart ropt eit leve fru Collett og hennar gjerning.
Fru Dorotea Vik bad oss ogsaa aa minnast vaare fyregongs kvin
nor i Kristiania ved aa skikka avgarde ein takk til dei, fyrdi dei ikkje
hev haldet seg for gode til aa slaa so mangt eit slag fyr vaar sak.
Festi sluttad kl. 2, og damerne fekk både takk og æra av dei
menn, som var med, og sume lit endaa til um, at ei hyggjelegare fest
hadde dei snaudt voret med paa.
Ein song av Jens Tvedt til dette høvet vart songen etter tala.
Jens Tvedt las upp ei av skrønene sine.
Nylænde, iste januar 1894.
Aadel Gjøstein.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Mar 10 14:14:50 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/nylaende/1894/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free