- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
26

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

No skyna eg so mykje anna og som Bruun hadde
sagt. Han var ein slik stridsmann. Han hadde vore der
uppe paa toppen, under det evige aalvoret, og sét vegen
aat Gud, difor kunde han tala um dette so som han
gjorde. Gud hadde ikkje skapt oss i sitt bilæte for
moroskuld nei. No skyna eg korleis Bruun kunde orke aa
staa upp klokka 3—4 um morgonen, og gaa der ute i
klaare vinternatta radt til stjernone bleikna. Folk hadde
undra seg paa dette. Der gjekk nok han og tenkte paa
Gud, og fekk krefter til striden, og til aa hjelpe fram oss
og, som var paa skulen hans.

Aa, kor eg stunda etter aa faa høyre meir av Bruun no!

Og han far gav meg straks lov til aa fara. Dette
kom reint uventa; og det som var mest endaa meir: sjølv
vilde han vera med og skysse.

Eg vil nemna ei einaste lita samtale vi hadde daa
paa vegen, som eg har tenkt paa ofte sidan; for vi vart
usamde, eg og han far. Daa vi för under Eldstadkleiva,
og berghamrane hekk over oss høgd paa høgd, so ropte
eg: „Aa du, kor vakkert det her er!" — „Nei synest du
det? Eg synest dette er stygt eg,“ sa han. — „Men kva
er det som du vil kalle vakkert daa?“ spurde eg. — „Det
skal eg segja deg,“ svara han. „Det eg skal kalla
vakkert, det maa vera gule aakrar med bygg og erter og
rug, og vollar med fint tjukt gras, og lider med skog.
Det er vakkert aat meg; for der kan det bu folk." Eg
tykte so aat han far den gongen for det svaret. Men so
rart kan det snu seg, at no synest eg mest han hadde
rett. Difor kjem eg det so i hug. Det er meir og som
eg har lote sanne, av det han far sa daa eg var ung;
dette er noko av det minste.

IV.

Det fyrste eg gjorde denne gongen vi kom fram, so
bad eg Bruun um ei samtale straks. Uklaar var eg; og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free