- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
99

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gane vaare var for katolsk, salmen kom ikkje inn i
Landstad. — Og vi Lutherfolk har so gjort dauden te eit fælt
ginungagap, medan Jesus, og etter honom apostlane og
den gamle kyrkja, gjorde han te det han var og er: ein
herleg gjenomgang te ny vokster i eit nytt vérlag — for
alle som trur paa honom.

Vi har korne paa skakke med Bibelen; la oss berre tilstaa
det. Livssynet aat Jesus og apostlane og Bibelen eig
vi ikkje lenger — vi berre snappar etter det, som etter
„luft". Det var eingong dei sju feite kyr og dei sju fulle
aks som fedrane vaare levde av, men er det ikkje lenger.
Dei sju magre kyr — livssynet aat naturalistane og den
vantrue verda — har slukt det, utan aa gje oss livskraft
og lykke. Det livssynet gjev ikkje; det tek og det tærer.

No, etter Darwins dagar, nyttar det ikkje lenger aa
beda aat Gud um godt ver eller god helse eller det og
det gode, tvert imot naturlovene, segjer ein engelsk bisp
fraa preikestolen. Han meiner at den store Gud korkje
kan eller vil brigde deim, for vaar skuld — vi smaae
kryp! Dei kan vera smaalaatne og, paa si vis.

Desse tvo livssyn — det bibelske og det verdslege

— har lege i strid all sin dag sidan menneskja vart te

— so det er ikkje noko nytt. Vi ser Kain og Abel,
Ismael og Isak, Esau og Jakob, Moses og Farao, Elisa
og Jesabel, Kristus og kristendomen paa ei side og
Herodes og Romarriket og muhamedanane paa hi. Og no i
vaare dagar har dei teke naturvitskapen og bibelkritiken
te vaapen imot det oversanselege. Aand er luft, segjer dei.

Men dei er ikkje so vitande og kloke som dei læt
seg te. Dei støyter mot veggen rett som det er, alle
stader. Paa uløyselege gaator. Kva er tid? rom? stofF?
Det lyt tru, dei og, paa si vis; og lagar hypotesor i mengd,
som dei langt ifraa kan prove. — Tingen i seg sjølv —?
Den ser vi ikkje, sa Kant.

Oraklet i Delfi hadde sagt at Sokrates var den klo-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free