- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
118

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DAA MØRE FOLKEHØGSKULE
VART OPNÅ

Den 9de oktober 1899. I Ørstavik.

Her skal det ikkje bli nokon lang tale, no fyrste
gongen.

Det har vore mange ankemaal mot folkehøgskulen.
Eit taa dei yngste er dette:

Vi legg for mykje vekt paa det menneskjelege. Og
for lite vekt paa det gudelege.

Eller blandar desse tvo ting ihop i ei røre. Vi skulde
i det minste haide deim ifraa kvarandre.

Alle desse fedrelandssongane, desse historiene og
eventyra fraa gamalt — kva gav dei i fat og gryte? Og
kva hjelpte dei oss, naar vi skulde til aa døy?

Nei, rivast ut lyt dette, naar Gud kjem og vil ha
rom. For menneskja er vond. „Se jeg er født i
mis-gjerning, og min moder har undfanget mig i synd.“ Vaart
liv er ei einaste samanhengjande synd. „Det gode som
jeg vil gjøre, gjør jeg ikke — men det onde som jeg
ikke vil, det gjør jeg.u

Likevel var dette eit skjeivsyn — endaa so bibelfaste
desse folk saag ut te aa vera. For det menneskjelege
i oss er jordbotnen, moldjorda, som det guddomelege
frøet skal saast ned i, og det evige livet vekse upp utor.

Det spørst berre um at denne jorda biir so rein og
god og varm at dette livet fær vekse. Aa, det saag fælt
ut, naar eg stundom stod og sa, at Gud ikkje berre gjev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free