- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
130

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ikkje berre innsnørt te far og mor. Nei te fedrar
og mødrar attigjenom — te morsmaalet, te skikker og
vis, maaten aa leva paa. Den rota som fødde oss skal
vi vyrde og suge krefter fraa, arven fraa fedrane skal vi
borna lyfte og ta i bruk.

Vi er nedpaa djupaste grunnar her, paa botnen i vaar
natur. Aa vanvyrde far og mor og det som krinsar um
heimen, er so stort brot paa lovleg orden at det biir
dødssynd — vi drep oss paa det; barnet og folket og landet.
Det er aa slite av seg sugerøtene.

Difor er lovnaden um langt og lykkelegt liv bunde
te dette bodet. Sjølvsagt. Det er naturlov.

Dette visste dei gamle godt. Hellas-folket, Roma-folket,
Persia-folket, India-folket, Kina-folket, Japan-folket, hadde
og har dette bodet som samfundsmoral, like fullt som
Jødefolket. Men ingen hadde det so djupt utforma og so
klaart. „Den som hatar far sin er lik ein gudspottar, og
den som gjer mor si harm er banna av Herren." Ein
far kunde sende ein slik son te domaren og faa han
steina. Men sjølv maatte han kaste fyrste steinen.

Og legg merke te: her er ikkje sett noko undatak.
T. d.: Dersom far og mor er so og so rimelege og snilde,
so og so upplyste og dana — daa kan eg heidre deim;
naar dei fortener det. Nei, det staar ingen ting um det.

Her er smelteomnen som kvar ny slekt skal gaa
igjenom, te aa kunna greie framtids-livet. Det som
blir-att taa oss naar den prøva er ferdig, det dug te aa leva.

Ingen slepp unda her — ikkje eingong dei som riv
seg lause ifraa Gud. Minst taa alle dei. For bodet er ei
naturlov.

(Ei røyst langt att i kyrkja:*) „Slutt med Moses naa!“).

— Synest du vi talar for lenge um Moses? Aa stakkar
du––––prøv aa ta deg ein blund! (So vart det stilt).

*) Denne tala var haide i ei kyrkje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free