- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
132

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

folket var i si yttarste naud. Ein framand men høg
Jehova-fiendsk kultur hadde velta seg inn over landet
— ei prinsesse Jesabel fraa Fønikia, ei av heimsens
har-daste kvinnor — med vilje av staal og hjarta av is — sat
dronning og raadde for alt. Og ho vilde kvævt all god
gror, um ikkje den vesle profetflokken hadde vore, og
so dei tvo førarane. Aa, som dei straalar gjenom alle
tider — desse tvo — just fordi dei so trufast varde um
si gamle lov og fedra-arven!

Og sjaa Døyparen, som kom i same aand og kraft
og skulde føre borna uppatt — paa den gamle gode vegen —
sjaa paa han der han staar i si kamelhaars kaape med
lérbeltet um livet, og ropar at snur dei ikkje um no straks,
skal treet hoggast ned — øksa stod ved rota! Aa — for
ei overmenneskjeleg makt det synest aa gaa ut fraa denne
eine mannen! Han tala slikt at Jerusalem og heile Judæa
og alt landet kring Jordan maatte ut og høyre han,“ fortel
Matæus. „De ormeungar“ — sa han aat høglærde
folke-høvdingar fraa Jerusalem. „Segj ikkje lenger um dykk
sjølve at de har Abraham te far! Gud kan vekkje upp
Abrahams born taa desse steinom!0 Han bøygde folket
i kne — det staar eit slikt ver fraa denne mannen at dei
trudde han var Messias — som David hadde spaatt skulde
koma og leggje alle Guds fiendar te fotskammel under
føtene sine — med eitt slag! Slik maatte han vera!
tenkte smaafolket — og dei store med. Med sverdet i
sin munn!

Her har eg synt dykk nokre einkle straalar fraa det
menneskjelege aandslivet — naar det brenn som sterkast
og klaarast. Det kunde vera mykje meir — soga er rik
her — men no skal vi slutte.

— I morgon, te same tid, held eg fram her, og vil
daa fortelja dykk noko fraa det guddomelege aandslivet —
um det kan lukkast! For det er vanskelegare. —
Velkomne att!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free