- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
183

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og kviskrar: „Bed so fær du — leit, so finn du — bank
paa, so spring dørene upp for deg!“

Aa, „vinne verda" paa den hin maaten, den lettvinte,
med eit lite knefall — men soleis at sjæla „gaar i vasken"
— den freistinga hadde Kristus stridt igjenom, daa han
sa desse sterke orda um aa misse sjæla si, og peikte paa
den einaste maaten han visste aa vinne livet paa. Hugs
paa: han veit kva han talar um. Det var ikkje skodespel
for honom, men det fælaste livsens aalvor, daa han „fraa
eit ovhøgt fjell“ saag alt han hadde odelsretten til — og
verkeleg var komen for aa vinne — og no vart boden
altsamen dette, kunde vinne det i ei håndevending, for

eit knefall!–––og himmel og jord, all skapning, skolv

i spaning og rædsle for utfallet! Men han vilde ikkje
„jobbe" det aat seg. „Vik bak meg Satan!" sa han. Han
valde ein annan veg aa vinne verda paa: arbeidsvegen,
offervegen. Vi kan trykt lite paa hjelpa hans her.

Folkehøgskulane maa ikkje gjera Kristus den store
sorg aa gaa kompromisvegen, og litt um senn selja seg
aat verda. Arbeidarane maa ikkje svikte det høge og
reine idealet som her lyste over den skulen eingong, og
saare sjæla si, kanskje til dauden; men heller prøve alt
dei kan, i fatigdomen vaar, aa vera trugne tenarar. Daa
skal dei eingong faa tifold løn; paa langt maal er det det
einaste som bergar baade deim og skulen.

Serleg no kan dette koma til aa gjelde daa
stats-maktene meir og meir ser ut te vilja leggje si velmeinte
hånd over alt aands arbeid, og sjølvsagt au vil raa for
kva som skal stemplast til nyttig, gagnbar vare. Og staten
løner godt. Her er faaren.

Enno har ikkje denne faaren vore stor for
folkehøgskulen. Men vi er godt paa veg, ja „kjem oss". Og døyr
det bibelsk-germanske livssynet — med sjæl og aand som
nr. 1 — heilt ut, og vi fær att nytte-synet istaden, der alt
biir gjort te mat, kroner og øre–––-ja daa–––––-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free