- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
187

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ja, berre det, at ein ungdom misser vona um aa faa
den ein har kjær, er ofte nok til at dette jordiske para-
diset der framme sloknar — og alt bleiknar. Det er berre
ei framtids-von, kjem i grunnen ikkje notida ved. Men
det verkar inn paa notida som noko reint allmektigt. Livet
snur seg og biir som burte.

Men lukka er, vi er sterkt bygde. Ungdomen er
sterk her.

„Om et haab eller to biir brudt,
blinker et nytt i dit øie —
straks det faar glans av det høie.“

II.

Soleis som det er med ungdomen her, soleis har det
vore med heile folkeferd. Dei levde av aa vone. Dei
lengta etter eit liv som var større og herlegare enn det dei
aatte, og saag dette livet fram fyre seg paa vegen i syner,
som mana og lokka. Og diktarane song deim ut over folket.

Merkelegast er jødefolket og profetane deira. For
heile Israel var ein slik ungdom, og skulde leva av aa
vone. Og folkehaapet deira, som blenkte og skjein gjenom
alt dei gjorde og sa, det var Messias-haapet. Denne gull-
alderen, som dei drøymde skulde koma med honom, kasta
beintfram straalar attende, so gode og varme og rike og
reine, at det var som himmelen var komen ned paa jorda.
Og ingen stad saag vi maken til slik heilhug og kraft
millom mannaborn.

Mødrane stunda etter mange born, so dei kunde faa
ei stor ætt aa sende inn i denne lukka, og mennene heldt
ættetavlone uppe, til vitne um at dei, Abrahams born,
hadde adels- og odelsrett, — alt med tanke paa denne
herlege framtida, dette gudsriket paa jorda, daa Israels
folk med Messias skulde straale over alle andre folk og
vera fane-førarane for mannaætta.

Og Mose-Iova skjein som himmel over deim og ol
upp dette synet. Ho var slik bygd, at naar dei „heldt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free