- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Seksogtyvende aargang. 1915 /
554

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
daa mest nytta i Smaaskulen; dei kann best faa Skulestova
til aa minne um Heim. Same Tanken ligg under i den Skip
naden som gjev Grunn for Namnet Samskule: Systken skal
vera saman ; og Systken vert Skuleborni paa ein Maate, nåar
Kjennskapen veks. Der er daa ingen Grunn for nokon
Klosterskipnad; skal Borni «lære for Live», so bør dei vekse
upp under vanlege Livsvilkaar. Berre nåar serskilt Arbeid
eller andre Grunnar gjer det naturlegt skil Gutar og Gjentur
Lag _ som heime. Der vert og arbeidt med aa føre Læra
rar og Foreldre nærare saman. «Et vlirkligt samarbete mel
lan skole och hem är ett mål som mycket allvarligt bör
eftersträvas»: ved Møte og gienom eit Lag, der Lærarar og
Foreldre samlast til Foredrag og Ordskifte, gjer Samskulen
det han kann til aa faa Foreldri med i opplærings- og Upp
fostringsarbeide.
Smaaskulen er Heim best han kann, og Arbeide der er
Leiken. Men med Lempe vert det laga so, at Leiken vert
Skule.
Læresysteri i ei Smaaklasse vert som ei eldre Syster for
Borni; ho er deim til Selskap og Rettleiding, leikar med deim,
røder med deim, syng for deim, fortel Sogur og anna dei kann
hava Moro av. Stundom tek ho deim med paa smaae Ut
ferder; og ofte er ho saman med deim i Skulehagen. Der er
mangt aa sjåa, og somt som er serskilt vent; soleis ymse Slag
Blomar, som dei fær Systeri til aa fortelja um. Og ho hev mykje
aa fortelja; somt av det er so rart at det vekkjer Spursmaal;
deim svarar ho paa, og nye Spursmaal kjem ; ved deim kjem
ho inn paa meir og meir som det er Moro og stundom reint
rart aa høyre paa; det er utrulegt so mykje som dei no fær
vita. Men at dette var ein time i Botanik, det veit
Læresysteri.
Ein Dag viser ho deim ein Krok i Hagen som er reint
som tilstelt til leike Gard og Gardsstell med ; og rett som det
er tek dei til aa stelle med denne Garden. Fyrst byggjer dei
Hus; og Systeri hjelper til; for henne er dette Handgjernings
skule. Sidan er dei Jordbrukarar og plantar og såar; dette
vert Framhald av Botaniktimarne. Aare etter vert «Garden»
554

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:28:14 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1915/0562.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free