- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
475

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bondeungdomen i byen og by-hatet.
bondeungdom, serleg kanhenda frå Austlandet, som ikkje kjem
i samkvem med Bondeungdomslaget eller bygdelaga, men
innanfor den veldige flokken som soknar til desse laga, finn
ein ei tydeleg voksterline fram frå motvilje til god
vi lj e for byen.
Det er ei heller vanleg meining, at det er innan lands
målskrinsar og då serleg millom den «frilyndte» ungdomen
at ein finn motviljen mot byen. Skal ein døma etter pressa
og i mange høve etter den tale som visse førarar innan denne
rørsla har lagt seg etter, so kan det vera grunn til ei slik
tru. Men her trur eg at ein lyt skriva mykje på stem
ningen sin konto. Eit lite spitord til dei «fine», «tilspjåka»
byfolka, til snobben og narreskapen, som sjølvsagt trivst i
byen like vel som på landet, det gjer seg godt i ei stemne
tale og i ein agitasjonsartikkel, som skal samla ein kampfyl
king til vern om bygdeskikk og bygdesyn i tevling med bysynet.
Men desse talemåtane samstavar ikkje med dei røynlege
tilhøve, slik vi kan finna dei med å sja på bondeungdomen
sjølv i byen. Der finn ein eit positivt syn på byen: Ein får
halda seg på jorda og finna seg i at byen eksisterer og at vi
lyt eksistera i den, men vi skal hevda,oss på beste måte og
finna oss tilrette der. Lat oss difor -ta- imot det gode som
byen byd på, og setja inn vårt eige jamsides det, slik det
høver for oss. Og dette gjer vi med eiga kraft, vi ventar
ikkje på noko ungdomsvern i so måte, vi er vårt eige vern.
Ut ifrå dette synet er Bondeungdomslaga vakse fram i
dei fleste byane våre, både på Vestlandet og Austlandet, i
Nord-Norge og på Sørlandet. Dei har vorte eit slag Ung
domsvern, ein kunde segja forsvarsborgar for bondeung
domen til å hindra at hans kulturelle sermerke vart utviska
under påkjenninga av den sterke påverknaden frå mange
kantar i byen.
Held ein seg no til Oslo, so finn ein at det er 3 slike
lag, som arbeider kvar på sin måte, men med same fyremål
Det er Bondeungdomslaget og Studentmållaget, skipa båe to
ved hundradårsskiftet, og Oslo Fylkeslag, skipa 1923. Det
siste er ein samskipnad av alle bygdelag i byen. I alle lag
soknar medlemene til den sokalla frilyndte ungdoms
rørsla, eit gamalt kjennenamn dei vanlege ungdomslaga har
fått til skilnad frå t. d. dei kristelege.
475

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:05 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0483.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free