- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
46

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 46 -

ryk med og gjeng til gruns. Daa dei fær full
greia og høyrer um enden, so tek dei hyven
undan.

Men straks bønderne hadde gjort fraa seg
i Kringum, so skundar dei seg etter. Det ligg
ein gard eit lite stykkje uti, som heiter Solheim,
Der er ein voll. Skottarne fer nett yver vollen,
og daa kjem bønderne. Dei kjem so sveiten
renn og ropar: »Gange paa, gange paa, her
hev me fleire!« Men skottarne legg ned vaapni
sine, og daa stansar bønderne. No kjem det
fram ein løtnant fraa skottom; det er tolken;
han kan dansk. Han ropar høgt og bed um liv
og fred for skottom. Ja det skulde dei faa, sa
bønderne. Og no er det som ein liten pust paa.
Daa ser skottarne at bondehopen er ikkje so
stor som dei hadde tenkt seg; so grip dei att
vaapni og spring fram og vil slaast. Daa gjeng
bønderne paa, andre gongen; og no sparer dei
ikkje. Per Klognes er millom skottom, men
ingen kjenner honom. Han ser øksar i vere
runden ikring seg, dei kjem tett inn aat hovude
hans; daa ropar han alt han kan: »Eg er daa
Per Klognes! eg er daa Per Klognes! av dykkar
eigne folk!« So kjende dei honom og hevla.
Men no laag halvparten daude av skottom; og
dei som stod vart fanga.

Alt i alt vart det fanga yver eit hundrad
med skottar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free