- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
0008

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

laga har nedlagt gjenom åra hadde vi store tankar um fyrr. Men då vi
hadde samla alle desse lagssogone og i røynda fått det fulle oversynet, vart
vi tekne av ovundring. Og vi tenkte: Skulde desse laga ikkje makta a
reisa eit monument over sitt liv og si verksemd i eit rimeleg samhøve til det
dei fortener? — Det trudde vi at dei både kunde og vilde.
I eit rundskriv dagsett 15. desember 1 920 baud vi so inn til ei fyre
handstinging på boka. Det synte seg at vi ikkje skulde verta svikne i den
tiltrua vi hadde til laga. Innan utgangen av april var det kome inn um lag
kr. 15 000. Vi kunde la klisjefabrikasjonen ta til og gjera avtale um prentinga.
Sidan har summen vakse smått um senn, soleis at no er det nær kr. 20 000.
Hadde ikkje vårstreiken kome, skulde vi havt skriftet ferdig 2 månadar fyrr.
Det er mykje åfått ved arbeidet. Vi kunde sjølve ynskja mangt onnor
leis no. Vi er og budde på at det kan verta misnøgje med både eitt og hitt.
Vår orsaking må vera at vi ikkje er sogeskrivarar av fag, nokon av oss, ikkje
vi i skriftstyret og ikkje — so vidt vi veit — dei som har skrive fylkeslagsso
gone heller. Og at den tida vi hadde til rådvelde stod i mishøve til det store
arbeidet som vart oss pålagt. Men når vi tenkjer på alle dei vanskane vi har havt
å vinna over, er vi likevel lukkelege over at vi kan leggja det fram som det no er.
Uppgåva vi hadde var åfå til eit 25-arsskriftfor Norigs Ungdomslag. Vi
har gått noko vidare, soleis at vi har våga å gje skriftet namnet «Den fri
lynd te ungdomsrørsla i Norig». Vi meiner likevel ikkje at dette
skriftet vil kasta fullt ljos over denne rørsla, som har gripe inn på um
lag alle umkverve i kultur- og samfundslivet her heime dei siste 50 åra.
Det må verkelege fagfolk — sogeskrivarar til det.
Til betre å klårleggja fyremål og vegar for denne sterke rørsla, vende vi
oss til ymse gode menner, som vi visste hadde stade i arbeidet, frå fyrst av
eller gjenom ei lengre tid. Det tilfanget som vi på dette viset fekk inn er
skipa i ein serskild bolk (/. Minne), som vi har sett fyrst. Soleis kunde
sjølve fyremålet og åndsinnhaldet i rørsla bli grunntonen i det biletet som
dei ymse lagssogone seinare gjev av sjølve arbeidet.
Til alle som har vore oss til hjelp sender vi vår beste takk. Umfram
alle medarbeidarane som har namngjevne tilskot i skriftet tenkjer vi då helst
på alle dei ute i laga som har sanka inn bilete og skrive lagssogor. Ei
serleg takk til redaksjonssekretær Einar Breidsvoll som har gjort det
mødesame korrekturlesararbeidet, til firmaet Johansen & N ie Is en for
fint bokprentararbeid og til WilhelmScheel & Co. som har laga
storparten av klisjeane.
Oslo 10. oktober 1921.
SVEN MOREN. ED V. OS.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free