- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
2

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2
Um vinteren søkte ungdomen hugnad av liknande slag, men då innan
hyses og helst på dei mest avsidesliggjande gardane, i tronge, myrke rom.
Millom denne ungdomen kunde ein ofte firma dei djervaste, friskaste,
mest framtøkne manns- og kvendeemne. Det var dei som vart drivne ut i
myrkekrærne til slikt som den offentlege meining i tida stempla for «mørkets
gjerninger».
Vi veit vel at diktarar og målarar frå «bonderomantikken» syner oss
«leikarvollen» med sundagsklædd ungdom i dans og leik kring jonsok
brisingen. Dei sette bondelivet og bygdelivet i bengalsk ljos best dei
kunde. Men det var for det meste «teaterbønder» dei synte oss. Den indre
åndelege årsaka til gode og låke tilhøve på landsbygda nådde dei
ikkje inn til. Mange stader var det so og at alt som ungdomen tok seg
til vart rekna til synd og dårlegdom, når det ikkje beint fram kom inn
under «det ene fornødne». Den offentlege meining stempla det so. Og
ungdomen sjølv kjende det so. Den strenge individualistiske gudstru i tida
løyvde ikkje rett og rom for andre åndelege hugmål — utanum det
daglege matstrevet.
Det sterke politiske veret eller uveret som sette inn over folket vårt i
80-åra, hjelpte ungdomen upp or båredalen. Folket vart vekt. Ord
skiftet um den stoda landet var kome upp i, greip um seg ned til dei
breiaste og djupaste lag i folket Samfundsånd vart sett over individualisme.
Samskipnad til vern for sams bate over trongen til personleg hugnad.
Samstundes trengde den Grundtvigske åndsretning gjenom folkehøgskulane
inn og sette samfundskristendomen over den individuelle, kristeleg liv og
kristelege gjerningar over dogmetru og teologi. Når kristendomen kan
byggja eit samfund på kristeleg grunnlag, kristeleg humanitet, kristeleg
rettferd, vert han til gagn og folkefrelse. Det Grundtvigske livssyn kom
sjølvsagt i sterk opposisjon til den pietistiske religiøsiteten.
Det Grundtvigske syn gav tilværet her på jorda større mål og høgre
åndsinnhald. Det gav ungdomen mål han kunde ofra seg for og leva
for paa denne sida av æva. Attaat dette kom det sterkt nasjonale, som
etter Sønderjyllands tap vart ein sterk faktor i den danske ungdomsreising
som Grundtvig skapte.
Her vart tendra ljos for ungdomen ute i myrkekrærne. Her synte seg
uppgåvor for stridshug og arbeidshug, uppgåvor som ikkje kravde sterk
drykk eller knytneve eller tollekniv til våpen. Den ungdomen som hadde
vore tjukkhøyrd for svovelpreikaren når han forkynte Guds dom over all
«ungdoms dårskap», han kunde lyda med otte til varingsorda um dei
farane som truga heile folket. Ungdom, som hadde sete kald og høyrt
«tekster» um sundagane og utan kjensle mulla med i Kingosalmane, han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free