- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
152

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

152
NJ^
•^
Kaffistova på Molde: Bondestova.
laget. Hotell «Central» som låg lagleg og godt til for kaffistovedrift og
hotell vart kjøpt for 28000 kr. Styret i samlaget hadde i lengre tid tala om
at Romsdals ungdomssamlag laut få sin eigen forretningsgard og sin eigen
heim i byen; og difor var forretningsførar A. Kleve beden om å varsla so
snart det melde seg eit høveleg huskjøp. Den 14. okt. same haust skulde
samlaget overtaka huset. Styret tinga no stadsingeniør Rivenes og stadsarki
tekt Bache og byggmeister Nerheim til å koma med teikningar og overslag,
kva det vilde kosta med omvølinga og innreidnaden av huset når det skulde
verta ei tidhøveleg kaffistove og eit godt hotell. Styret vart samd om at heile
utstyret både på Kaffistova og Bondeheimen måtte vera i vakker norsk stil,
difor vart treskjerar Laupsa i Hardanger og Johs. Bjordal, Molde, spurde om
dei vilde taka arbeidet på seg.
Årsmøtet 1916 (i Bud 24. og 25. juni) godkjende samrøystes det som
styret hadde gjort med fyrebuinga. Formannen, N. Engja, sa frå at han ikkje
kunde stå i styret, då han skulde reisa burt dette året, difor vart A. O. Sand
vald til formann og dei andre i styret vart: Erling Kristvik, Joh. Einang,
M. P. Dyrstad og Joh. Kolstad.
Året 1916— 17 hadde me eit utsendingsmøte i Molde um arbeidet med
den nye kaffistova og bondeheimen. . Men diverre vart dette utsett, sidan alle
vona på betre tider. Hotellet vart so burtleigt; styret kunde ogso fått selt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free