- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
175

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

175
Rogne hev vunne vyrdnad og tiltru utanum Sunn
møre og- — I fleire år var han soleis med i sty
ret for Norigs ungdomslag.
Dei siste formennene hev og kvar for seg gjort
verk som varer i Sunnmøre ungdomssamlag. Små
brukar Sivert Rusten hev gjort eit gildt arbeid for
’Sverreordenen» og avhaldssaka i det heile, lærar
Stefan Åsen hev arbeidt serleg for praktisk ung
domslagsarbeid og praktisk målarbeid, og gard
brukar og lærar Gunnar Valde hev gjort mykje for
songen, målarbeidet og avhaldsarbeidet.
Til slutt skal nemnast ein som ikkje hev vore
formann i ungdomssamlaget, men som hev stått
i styret i over 20 år. Det er fabrikkeigar Jon
Ivar Kjelstad,
kjend sunnmørsspelmann.
Åsen. Han var ein av dei som var med og la grunnsteinane under ung
domssamlaget, og han hev vore med umlag heile tida sidan. Han hev vore
med på alle dei arbeid og tiltak samlaget hev sett i- gang, og serleg når
det galdt praktiske tiltak var han den drivande kraft. ]on Åsen er soleis no
den som hev havt den lengste arbeidsdagen i Sunnmøre frilyndte ungdoms
samlag.
Det må elles seiast at dei menn som hev arbeidt i ungdomssamlaget i
desse fem-seks og tjuge år, hev gjort fagnaverk. So spørst det då um den
unge ætta hev hug og vilje til åta arbeidet upp når dei eldre sluttar. Mange
arbeid er enno ikkje fullførde, og mange nye kan melde seg. Men byggjer
ungdomen vidare på dei grunnmurane som er lagde, er det von til at Sunn
møre frilyndte ungdomssamlag kan vekse i evne, i makt og i vyrdnad i dei
tidene som kjem heretter og.
HENRIK STRAUMSHEIM.
FIRDA UNGDOMSLAG
vart skipa 7. februar 1896.
Den politiske og nasjonale vekkjing i landet vårt i 1870-80-åri nådde
og hit til våre bygder. Og den vekkjings- og reisingsbåra som gjekk ut
frå folkehøgskulane og dei andre ungdomsskulane fata i ungdomen her og.
Han vakna og fekk hug til å vera med i det nye vekkjings- og reisingsarbeidet.
So vart det skipa det eine ungdomslag etter det andre frå 80-åri og
utetter. Dei som serleg stod fyre dette nyskipingsarbeidet var ein liten flokk
unge idealistiske lærarar, og so framtøke ungdomar som kom att frå ung
domsskulane.
ni Skogstjerna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free