- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
253

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

253
samla ikring talarstolen ute eller i kyrkja, lydande i alvor og frygd på
ordet og songen, då er eg ikkje i tvil um at det var groverstider for
åndsvoksteren. Dei varme og gripande ord frå fleire av talarane fall
nok ikkje berre på den harde vegen eller på steingrunn. Ein minnest
ein Ullmann, ein Liestøl t. d. for å nemna eit par av dei største tala
rane me hadde," kor kunde dei ikkje halda stemnelyden i spaning i time
vis! Me gløymer heller ikkje ein Hognestad, Mannsåker og B. Th. Anker.
Og so våre eigne, dei mindre, so å segja, våre ungdomslærarar : Homme,
Jakob Dale, Tormod Knutson, og sist men ikkje minst Torgeir Beralvson,
denne trugne, eldhuga kraft som år etter år ikkje sparde seg for dei tunge
framgangstak i våre bygder. Var arbeidet spilt? Ånei! So visst som me
-trur at der er makt i det «levande ord» so har det her vore til hjelp for
mange, mange på livsvegen. Og arbeidet i det heile i laget har rimeleg
vore til meir gagn enn me no ser eller kann verdsetja. Det skal «koma
um ikkje so brått». Sjå på dei strok eller bygder som ikkje har ungdoms
lag. Det er so visst ikkje for mykje av frisinn og nasjonal rørsle ! — Fekk
ungdomsarbeidet den tilslutning og studnad det fortente? Ånei — det var
ikkje å venta. Endå fyre 1905 gjekk det bra. Sidan kom reaksjonen og
eit meir materialistisk livssyn, so arbeidet vart tyngre og tråare. Dei like
sæle foreldra og likeglade ungdomar brydde seg ikkje um ungdomsarbeidet.
Andre, dei som «vakt burde vera», heldt seg fornemt burte, eller såg beint
fram ein fare i dei frilyndte ungdomslag. Dei skyna so altfor lite si tid
og si stode, skyna ikkje at ungdomen er materialet for framtida. Men mange
av dei eldre og fremste folka forstod saka og kom med, og dei beste mil
lom ungdomen vart med, dei som var mest tak i. Dei var med, er med
og vil alltid vera med, so Aust-Agder ungdomslag og Norigs ungdomsl.
kann verta ein sterk framgangsfylking.
So takkar me for arbeidet i dei 25 år, takkar ein Torjus Hanssen og dei
andre som skipa laget; minnest med takk og vyrdnad ein Ullmann og Lie
støl, der dei kviler i si grav; takkar so mange andre, dei større eller mindre
hjelpesmenner som har vore med, og ikkje minst takk til dei iduge arbeids
maurane, gutar og gjentor, i dei einskilde lag.
So ynskjer me lukke og signing yver Aust-Agder ungdomslag til vidare
framgang.
JØRGEN MIDTTUN.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free