- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
309

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

•»
309
Det hev vorte fast skikk at fylkeslaget og seinare foredragslaget kvar haust
hev vendt seg til kjende menn og kvinnor, serleg i Gudbrandsdalen, med
spursmål um dei vilde hjelpe til med foredrag i ungdomslagi. So hev det
vorte sett upp ei foredragsliste for arbeidsåret over dei som vart med og
over emne dei vilde tala um. Alle lag fekk so lista tilsend.
Dei fyrste åri fekk ikkje talarane løn, berre fri reise og fritt upphald.
For lag som ligg avsides vart det gjerne store skyssutlegg, og 1907 vart det
vedteke at lag i Dovre, Lesja, Lom og Skjåk skulde få att KU av sine utlegg
til foredrag av fylkeslaget.
I 1 907 vart det fastsett at fylkeskassa skulde løne talarane med 5 kr. for
kvart foredrag. Men kvart lag fekk berre rett til 2 foredrag um året på
fylkeskassa sin kostnad.
Ei fastare ordning med foredragsarbeidet vart det litt etter litt etter at
foredragsarbeidet vart skipa 1909 og kom med i folkeakademi-ringen og fekk
statstilskot. No fekk snart talarane på foredragslista 10 kr. i honorar for
kvart foredrag. I arbeidsåret 1919— 1920 vart honoraret sett til 30 kr. for
eitt foredrag, og kr. 15 for det andre i same lag. På årsmøtet i Austre
Gausdal 1917 vart det vedteke at foredragslaget skal betala honorar og ferda
utlegg. Dei einskilde lag skal skaffe talaren fritt upphald. Foredragslaget
hev dei siste år fått 700 kr. i statstilskot.
Styret for fylkeslaget hev og vore styre for foredragslaget. Det fyrste
arbeidsåret (1909— 1910) var T. Vigerust formann. Sidan hev R. Stauri
styrt foredragslaget som formann heile tidi.
Av talarar i åri sidan 1905 kan nemnast: Major. H. Angell, presten B.
Th. Anker, Olav Aukrust, lærar A. Aursnes, J. Åshamar, landbrukslærar Bruflat,
høgskulestyrar O. E. Bø, fru Gina Borchgrevink, kand. J. Borgersen, Alvhild
Bjørneby, kand. teol. L. Dåe, fru Helga Eftestøl, landbrukslærar Five, sakf.
S. Fougner, dokter Kr. Fougner, ingeniør E. Fougner, Stephan Frich, Ole
Furulund, skulestyrar Grimeland, fru Emma Gjelen, lærar E. Grotheim, lærar
J. Haraldseid, lærar Aksel Hattestad, lærar O. Haugen, amtsgartnar R. Hegdal,
dokter Holst, direktør J. L. Hirsch, lærar L. Hørven, lærar A. Juland, Pål
Kluften, lærar Alb. Kvammen, prest Bjarne Knudsen, lærar J. Krukhoug, lærar
Ladehaug, elektrikar M. Lien, skulestyrar O. Lillevik, kjøpm. Einar Lunde,
kand. fil. H. Lødrup, lærarinne Magnhild Lien, Dore Lavik, fru Signe Larsen,
Ivar Mortensson, Elias Melvær, Petter Nilssen, lærar H. Nyhus, Lars Osa,
sakf. P. N. Olsen, A. Sandvig, oberstl. Seeberg, sekretær Selau, lærar O.
Sjetne, lærar A. Slettemark, lærar A. Skrede, lærarinne Kristianne Skjerve,
høgskulestyrar R. Stauri, fru Lise Stauri, journalist J. Sundsvik, fru Sylvan-
Jonsson, løytn. O. Sætrang, kjøpm. Johan Sprækkenhus, handverkslærar Johan
Skurdal, lærar Steinum, fylkesskulestyrar A. Stokkeland, gardbrukar L. Sundt,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0319.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free