- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
350

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

350
i
I
V
Bøndernes hus i Oslo.
I 1909 slo nokre gjentor seg saman og skipa Saumarlaget som arbeider til hjelp for van
føre. Det næste kom i 1913. Det var Skyttarlaget,*) som seinare vart både skyttar- og idrotts
lag. So kom dei slag i slag: Songlaget i 1914, som i 1918 vart delt i eit blanda kor og
mannskor, Spellaget (til uppføring av spelstykke), i 1915, Musikklaget i 1918 og Skyttarlaget
i 1919. Alle desse lag trivst godt og har hjelpt munaleg til å styrkja samhaldet i den store
lagslyden. Dessutan har laget halde mange skeid ; vi kan nemna skeid i treskurd, rosemåling
og folkeviseleik, norsk, engelsk og bokførsle.
Her lyt og nemnast det 1-årige millomskuleskeidet Bondeungdomslaget sette i gang frå
hausten 1920 med lokale i Års og Voss skule. Fyrste vesle årgangen tok eksamen i sumar
med gode karakterar. All upplæring, skriftleg og munnleg, var på norsk Lærarane var unge
trottige målstudentar. I haust vil eit nytt millomskuleskeid verta sett i gang, og etter søkna
den å døma er det stor torv til ein heilnorsk millomskule her på Austlandet.
Laget har kjøpt 2 eigedomar utanfor byen. Det er Røkleiva ved Tryvassbana og Bonde
hytta ved Ørfiskevatnet i Nittedal.
Til bruk for medlemene har laget og opna eit leserom i Bondehuset i år, som vert godt
søkt og diverre alt er mykje for lite.
Sjølvsagt har det ikkje vore råd for styret å greida den store administrasjon ulønt. I
1917 vart det difor valt fastlønt sekretær (Kr. Solheim) som har kontortid kvar dag.
Møtesalen var til 1913 Møllergata 20, sidan har laget halde til i Teatersalen, Bøndernes hus.
Frå hausten 1920 er det tilsett fast instruktør for musikk- og songlaga.
Vi tykkjest vera langt komne i dag, men når ein ser på dei uppgåvor som ligg fyre og
som laget arbeider for, so er det lite som er vunne mot det som står att: å skaffa helsesame
’) Bul. hadde elles eit skyttarlag i 1907 som olympiaskyttaren Einar Liberg var formann for.
Korrekturlesaren.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0360.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free