- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
18

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Folkehøgskular som er i gang no (1914)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

etter dei innsende uppgaavor eit verde paa
kring kr. 450,000. Det vert soleis i alt
burtimot 11/2 million kroner som er nedlagt i
private skular. I 1913 gjorde riksstyret
framlegg um laan av invalidefondet til bygningar
og jord for folkehøgskular og andre private
ungdomsskular. Stortinget gjekk samrøystes
med paa aa løyva kr. 100000 for det fyrste.
Av desse fekk 4 folkehøgskular og 1 av dei
private ungdomsskulane laana i 1913. Etter
det som vart framhalde i Stortinget, er det
tanken aa gaa vidare, so dei andre skular og
kann faa hjelp paa same maaten.

Gymnastiksal med utstyr har 13 skular,
sløgd 12, skulekjøken 13, og gjentekursus
um sumaren 7.

Dei fleste av dei eldre skular har
internat der elevane faar full kost. Sume har
ordna det soleis at dei som vil, kann faa berre
middagsmat paa skulen. Prisen paa middag
er svært billig — fraa 18 til 40 øyre. Ved
dei flestalle 30—35 øyre.

Upphaldet i det heile ved en
folkehøgskule eit kursus paa 6 maanader kostar fraa
kr. 150—200 i dei landsluter der det er
billegast og 250 der det er dyrast. Ved dei
fleste vert det vel ikring kr. 200 eller litt over.

Stipend. Alle godkjende skular faar
studnad i form av elevstipend. Desse er svært
ulike ved dei ymse skular — fraa kr. 15 og
uppover til kr. 120, i medeltal kr. 40—50.

Elevane er mest alltid fraa landsbygdene.
Det hender av og til at det kjem ein fraa
byane, men det er svært sjeldan.

Undervisningi. Hovudfagi
folkehøgskulen er morsmaal og soga med alt som høyrer
inn under dette. I dei seinare aar har
naturfagi og faatt ein breid plass i fagrekkja. Til
desse kjem dei andre vanlege skulefagi:
rekning, landkunna, song, teikning o. s. b. Sume
skular har i dei seinare aar teke med eit
framandt maal, tysk eller engelsk. Ved alle
skular vert det gjeve upplæring baade i
landsmaal og norsk-dansk, men landsmaal er
hovudmaalet.

Skuletid. Den vanlege skuletid er 36
timar um vika, 6 timar um dagen, for det
meste um formiddagen. Til dette kjem so
ettermiddagstimane med handarbeid eller andre
fag som berre ein del av elevane er med i.
Sume skular har undervisning i vanlege
skulefag baade um fyre- og ettermiddagen, paalag
som ved dei danske folkehøgskulane.

Ein timeplan paa ein folkehøgskule er i
regelen ordna soleis: Rekning 6 t., naturfag
5—6 t., landkunna 2 t., song 2 t., gymnastik
2-3 timar, samfundslære 1—2 timar, teikning
1—2 t. I hovudfagi morsmaal og soga er det
noko ulikt ved dei ymse skular, morsmaal
fraa 7—11 t. (boksoga, lesing og upplesing
er daa rekna med), soga 4—9 timar. Der det
er upptil 9 timar, er medteke baade
norgesheims-, kyrkje- og boksoga. Sume skular har
upptil 4—5 timar i landkunna, men daa er
samfundslæra og socialøkonomi rekna med
under dette fag. Umframt timar med vanlege
skulefag har skulane 1—2 t. frie foredrag over
ymse emne. For det meste er det styraren
ved kvar skule som held desse foredrag.
Læraren si forklaaring og utgreiding er i det
heile hovudsaki i all upplæring paa
folkehøgskulen; men lærebøker vert bruka i alle
undervisningsfag, so det skal mykje heimearbeid
til fraa elevane si side, dersom dei skal klara
aa fylgja med i alle fag. Det er mange som
meiner, at det no vert lesst formykje arbeid
paa elevane i ungdomsskulen. I 1903—04
reiste statsraad Wexelsen umkring paa mange
folkehøgskular for aa gjera seg kjend med
arbeidet og senda melding til statsmagtene. I
ei melding til kyrkjedepartementet (10/5—04)
skriv han millom anna: »Eleverne er svært
optaget ogsaa udenfor undervisningstimerne.
Fire til fem timers dagligt hjemmearbeide og
vel saa det forekommer mig at være vel meget«.

Sume folkehøgskular har 1—2 timar
kristendomskunnskap. Men dette er sjølvsagt
noko som er med anten det staar paa
timeplanen eller ei. Kristendomen er ikkje noko
»undervisningsfag«, men det aandelege
grunnlag som det heile er bygt paa. Kristendomens
aand maa lysa gjenom soga um
menneskjelivet fyrst og fremst og elles over
høgskulearbeidet i det heile.

Lærarane: 2 lærarar (styraren medrekna)
og 2 lærarinnor er det vanlege ved dei
mindre skular. Dei større har 5—6 faste og
dertil timelærarar i ymse specialfag.


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free