- Project Runeberg -  Varg i Veum. Soguspel fraa fortidi (900-1000) /
120

(1901) Author: Ivar Mortensson-Egnund
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

120

Du skal gnaga stein
og inkje bein.

Du skal drikke sjo
og inkje blod.

Du skal fara

til mara.

(Sigmund gjekk uroleg rundt kringum ringen. No ryk han paa
Vegard. Dei dregst eit bil. Atle ser paa. Braadt spring han ut or
ringen, vil hjelpe godfaren, men vert kasta til golvs. Aashild kjem,
hjelper han upp og held han. Han tek til aa skjelve og vride seg,
svingar med armar og trampar med føtar. Med ein braarykk riv han
seg laus, spring upp paa ein benk og triv ei øks fraa veggen).

Å ASHILD.

Berga han. Berga guten. Hamrema tek han,
som ho tok far hans.
Ute er de no med oss alle.

ÅTLE
(svingar med øksi. Vilt.

Blod er paa øksi, mannablod. Meir vil ho
hava. Tyrst er ho etter orrostu-leik. Kom den
som vil Sigmunds-ætti røyne.

Far, du tarv inkje fæle, um uhemnd du mun
liggje. Denne guten torer vaage seg mot baade

haugbu og bonde.

(Ein mann med kappe og sid hatt hev komi fram bak Sigmund,
Huld kviskrar med han. Atle spring med lyft øks og høgg til alle
sidur. Folk tukkar seg undan. Berre Sigmund stend roleg og kald-
flirer. Atle høgg til han fleire vendur, men øksi bit inkje. Sigmund
vreistar ho ut or hendane hans. Atle yler stygt, dett so ned som
svimeslegin. Aashild kjem springande, tek Atle upp i fange og brest
i graat. Sidhatten kviskrar med Sigmund, som gjeng burt til Aashild
og lyfter øksi yvi ho, men let øksi falla, med de same han høyrer
langeleiklaat utanfraa).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:54:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vargiveum/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free