- Project Runeberg -  Forteljingar /
9

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

GASTEN 9

skyna han, at det kunde gaa honom reint gale, um
det vart deildegang. Det kunde godt staa i skjøte,
at byte millom honom og Bømannen gjekk i strak
lina fraa Bø-aasen til Juvlands-nuten, og daa vilde -
det verta spurt etter, korleis det gjekk til, at der no
var ein krok. So hadde han daa, kvar dagen han
hadde ei liti fristund, sete ute i kammerset og sveitta
yver eit skjøte, som var paa lag likso gamalt som
han sjølv, og so stygt skrive og paa eit so fint maal,
at det var plent uraad aa skyna det. Til slut maatte
han leggja det ifraa seg, og no var han lenge i tvil
um kva han skulde gjera. Det var tunge dagar, dei
verste han hadde levt, og ikkje torde han tru seg
til noko menneskje helder, til henne Aasne aller
minst.

Ein dag var han so heppen aa raaka den unge
skulemeistaren og fekk honom inn. Det tok tid for
honom og aa lesa dei gamle kraakeføterne; men so
mykje fekk han daa vita, at byte gjekk soleis som
han ikkje ynskte det skulde gaa. Han kunde gjerne
spart seg den kaffikoppen til skulemeistaren . .

Det var ikkje greitt aa flytja deildi attende, for
daa vilde folk kanskje finna paa aa segja, at han
hadde stole slaattemark av Bømannen. Og helder
ikkje torde han drygja, for Bømannen var ein aldrande
mann, — paa det femte tjuge — og daa kunde det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free