- Project Runeberg -  Forteljingar /
13

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

GASTEN 13

— Det er stort aa kunna segja det, Hermod.
Du veit me hev alle gjort vondt... skal me dømast
etter det, so . .. Han lest som han ikkje høyrde det;
han spurde berre um ho ikkje var trøytt og vilde
leggja seg. —

Natti etter døydde han.

Etter den tidi var Aasne myrkrædd. Ikkje fyrr
tok det til aa skymra, so tyktest ho det fylgde henne
noko, kvar ho gjekk og stod . . . det tassa og ussa
rundt ikring henne . . . Ho høyrde ingen ting, saag
ingen ting helder; men ho fekk slik ein otte i seg,
at ho trudde ho reint skulde missa vite. Ikkje
lenge etter vart ho sjuk og liggjande. Sonen hen-
nar, han Knut, som hadde vore utmed byen i smed-
læra, laut heim att og taka imot garden.

Han liktest ikkje vidare faren, han Knut. Medan
gamlen hadde vore liten og noko seinvoren i arbeid,
var sonen stor og sterk og ein gampa kar til alt
han tok seg fyre. Glad og lettliva hadde han allstøtt
vore, og unte derfor ikkje paa Juvland, som laag
noko avsides og hadde so lite umgjenge med dei
andre gardarne i bygdi. Han likte helder ikkje no,
at han skulde heim att for godt; men han totte
det var ei skam aa lata garden gaa or ætti, og
so var det vondt aa segja nei, naar mori bad honom

So vent.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free