- Project Runeberg -  Forteljingar /
16

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

16 VETLE VISLIE

— Er det kje anna som vantar? Det gjeng av
deg, naar du dansar . ..

Ja, han vart daa med, so folk ikkje skulde faa
for mykje aa drøsa um; men stur og still var han
heile kvelden, og tidleg gjekk han heim, lenge
fyrr dansen var slut.

Den andre dagen gjekk han aaleine ute ved elvi,
nettupp der dei hadde gjenge om kvelden. Han
visste slett ikkje, Æva han vilde, elder Ævifor han
gjorde det; det stakk honom so, — han gjorde det
mest utan at han visste av det. — Daa han kom ut
paa bøen, svinga han til høgre og gjekk i strak lina,
der han visste byte skulde gaa millom Juvland og
Bø. Han hadde vore der so mang ein gong, med
han var barn og gjekk der og gjætte.

Men ... deildi var der ikkjel Han mintest so
inderleg vel staden . .. der paa den vesle øyi, innmed
den store steinen ... Kven kunde hava gjort det?
Og kor var deildi flutt etter? — Berre ein kunde

hava gjort det ...

Han gjekk og leita og leita i buskarne og inni
holte, og til slut fann han den nye deildi innunder
nokre gran-tre.

Stakars far! Og so lite som det var — kanskje
slaatt til eit lass høyl

Han gjekk stilt heim og gjorde sit arbeid som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free