- Project Runeberg -  Forteljingar /
22

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

292 VETLE VISLIE.

att . ... det var innmed ei stor bjørk og ein flat stein.
Men seg um bjørki var hoggi, so kunde det gaa
lett aa taka i mist, helst daa det var haustdagen og
myrke kveldar, og i denne djupe dalen hjelpte det
vel lite, um maanen kom upp og. Ho laut agta
seg, det var visst, og fara varleg, elles var det kje
godt aa vita, kvar ho kunde koma til seg att.

Ho var elles i ulag, ho Aslaug. Ho visste ikkje
rett, um ho var skamfull yver det som hendt var,
elder ho berre var vond paa faren, for det han hadde
køyrt fraa henne.

— Du store verd! — var det kje plent som det
var utgjort?

Der hadde ho gjenge i langsamleg tid og innbilt
seg, at ho skulde faa det so uhorveleg gildt paa
«dyrskua». Kor hugsamt skulde det ikkje verta berre
aa gaa ikring og sjaa paa all stasen, paa kyrne og
kransarne og alt det andre, helsa paa gode kjenningar
og sitja saman med dei i grase og svalla og syngja
og læ! Ho mintest so vel, kor morosamt det hadde
vore paa aksjonen paa Upppistog for tvo aar sidan,
der ho hadde raaka att han Tor Uppstad, som ho
hadde gjenge i lag med paa skulen. Han var so gild
og morosam, og so var ein so velsigna trygg, naar
han var til stadar . . . fekk ho vera i lag med honom
no, kunde det mest kvitta eit, um ho ikkje raaka

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free