- Project Runeberg -  Forteljingar /
47

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SLAATT ELDER SALME 47

aa spela ei av dei nye songarne i «Zions harpe-
toner og basunrøst».

Det var mange som kjende eit sting i hjarta,
daa Ivar tok til aa klunka paa strengjerne ... dei
kom alle i hug dei gamle syndedagar, daa dei svinga
seg etter slaattarne, og takka Gud for det han hadde
opna augo paa dei, medan det enno var dag.

Ivar spela, og dei song med, so godt dei kunde:

«I Babels land sidder Zion enke

sag mangen gang,

hun græder, naar hun skal til at tænke
paa Zions sang,

og zitren hænger bag væggen stemt,

og bruden sidder saa hjerteklemt.»

Det gjekk godt. Ivar spela den eine lunden
etter den andre, mjuke tonar, fulle av tru og heilag
elsk; dei leika i hugen og vekte tankar. Den vonde
kom stormande inn yver honom med glade minne,
fraa den tidi han var ung og kaat, daa han spela
dei gamle slaattarne; keike gutar trødde dansen yver
tilje, og det loi dei blaa gjente-augo, der dei sveiv i
dans med rosor paa kinn .. og blode strøymde og
brann i heit elskhug, naar han tok den gjenta i
handi han den kvelden likte best. Han visste ikkje
sjølv, korleis det gjekk til; han sat som i draum,
som fortrolla, og med ein gong spela han den kaate
springaren alle kjende:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free