- Project Runeberg -  Forteljingar /
49

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SLAATT ELDER SALME 49

Stova sveiv, lampa osa med bleikt skin, og alt vart
so saart, so tungt. Han la fela i kassa og skjangla

ut. Men i stova song dei:

«I dag kom der budskab fra himmelens Gud,
at sovende sjæle maa vaagne,

hver haste at smykke sig saa som en brud
vil være, naar brudgommen kommer, —

0, sikkere synd’re, hvad tænke I paa,

som endnu vil sove paa brændende straa, —
0, vaagn dog, før Herren han kommer!»

Vinden susa tunglynd i dei myrke lier, myrkre
laag tungt yver bygdi, so han so vidt kunde skila
dei høgaste tindar.

Han stod eit bil, for aa venja seg til myrkre, so
fomla han seg ned etter vegen, og stansa ikkje
fyrr han stod i tune paa Nerigard.

Kvar høyrde han no heime? Ikkje der uppe,
ikkje her. Heimlaus og huglaus. Tungt var det aa
stengja seg inne med dei «gamle» og syngja salmar,
og ikkje stor moro var det aa leika med dei unge,
og so etterpaa gaa heim rædd, rædd for den vonde,
og hugsprengd setja seg ned og graata yver det arme
live, som hadde svike honom so skamærleg:

«Munnen lær, og hjarta græter,
det er so lite gaman.»
Men «suterne og sorgerne, dei trør eg under

fot; til gladare skal eg halda meg, til meir det gjeng
4

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free